Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Studietempo
HeltidOpptakskrav
GENS
Poenggrenser 2020
- 49.80 (primær)
- 54.70 (ordinær)
Studieplasser
60
Søknadskode (SO)
184903
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Arbeidslivet er ein av dei viktigaste arenaene for menneske i vår tid. Gjennom arbeidet møter vi andre, realiserer oss sjølve og utviklar oss som menneske. På arbeidsplassen kan vi oppleve medgang og meistring, men også stress, mobbing og utbrenning. I bachelorstudiet i arbeids- og organisasjonspsykologi lærer du at eit godt arbeidsmiljø har stor innverknad på trivsel, helse og produktivitet på ein arbeidsplass. I studiet får du inngåande kunnskap om korleis du kan få verksemder til å forstå at menneska er den viktigaste ressursen dei har, og hjelpe verksemder med å utvikle dei tilsette ved å ta omsyn til både yteevne og sjølvrealisering.
Et bachelorstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi vil gi studenten inngåande innsikt i menneskelig samhandling og kommunikasjon i arbeidslivet og betydinga av gode og dårlige arbeidsmiljø for medarbeidars velvære og effektivitet og produktivitet i verksemda.
Fagleg innhald:
Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er 3-årig (180 studiepoeng ). Det skal innehalde inntil 30 studiepoeng innføringsemne, 120 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle, eller delar av dei siste 30 studiepoenga, kan veljast frå andre fag. Eit fullført bachelorprogram fører fram til graden Bachelor i arbeids - og organisasjonspsykologi.
Studiet tek utgangspunkt i det faktum at arbeidslivet er ein av dei viktigaste arenaene for menneske i vår tid. Gjennom arbeid treff vi andre, realiserer og utviklar oss som menneske og skaffar oss eit materielt livsgrunnlag. I løpet av studiet vil du få eit grunnleggjande innsyn i korleis enkeltindivid reagerer og handlar i høve til ulike sider ved organisasjons- og arbeidsliv, og kva verkemiddel ein kan nytte for å utvikle individ, grupper og organisasjonar, og også kva ein kan gjere for å førebyggje og handtere problem som kan finne stad på arbeidsplassen.
Det vert lagt vekt på å formidle kunnskap om og forståing av sentrale temaområde slik som: organisasjonsteori, leiing, psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, stress, meistring, utbrenning, jobbtrivsel, mobbing, konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring, omstillingar, rekruttering, turnover, jobbusikkerheit, arbeidsevne, mangfald, psykologiske kontraktar, karriereutvikling, sjukefråvere og helse i arbeidslivet.
Karrieremuligheter
Studentar som har ein bachelor i arbeids- og organisasjonspsykologi har fått jobbar innanfor felt som:
- utvikling og leiing av menneske i organisasjonar
- personalansvar, konsulent og personell med ansvar for profesjonalisering, rekruttering, kompetanseheving og opplæring i helse-, miljø- og tryggleik (HMS )
- organisasjonskonsulentar
- forsking og utdanning
Studiet er også aktuelt for dei som ønskjer ei vidareutdanning, fordjuping og spesialisering innan organisasjon og arbeid.