Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Skrivekunstakademiet Bergen

Nivå

Annen utdanning

Studieform

Undervisning ved lærestedet, desentralisert, samlingsbasert

Søknadsfrist

2. mai

Om studiet

Studiet er meint for den som arbeider med eit påbyrja litterært manuskript og vil fordjupe seg ytterlegare i prosjektet sitt.

Påbyggingskurset er samlingsbasert og består av ei opningsveke på fem dagar, og deretter fire samlingar over tre dagar. Kurset er leia av forfattarane Gunnar Wærness og Gunnhild Øyehaug.

Arbeidsforma er i hovudsak tekstsamtale: Studentane les kvarandre sine arbeid, og er aktive i plenumsdiskusjonar og samtalar. I undervisninga blir det fokusert på litterære metodar og formtradisjonar, og den teoretiske diskusjonen spring ut av moglegheiter og utfordringar knytt til kvart enkelt manuskript.

Spørsmål ein kan arbeide med er til dømes: Kva er dramaturgi, kva er ein forteljar, kva er ei poetisk frase, korleis kan ein komponere eit større, litterært arbeid, korleis møte utfordringar i arbeidet, kva spring dei ut ifrå?    

Opptakskrav

Studiet er meint for den som arbeider med eit påbyrja litterært manuskript og vil fordjupe seg ytterlegare i prosjektet sitt. Det er eit krav at søkjaren har gjennomført minst eitt år kreativ skriveutdanning på universitets- eller høgskulenivå (60 studiepoeng) eller har ei eller fleire utgjevingar bak seg.

Søknad om opptak skal innehalde 10-15 sider tekst, skrive i løpet av dei to siste åra, av skjønnlitterær karakter. Teksten bør vere i tråd med den retninga studenten ønsker å arbeide i løpet av året. I tillegg til den skjønnlitterære teksten, skal ein legge ved utfylt søknadsskjema med opplysingar om: Personlege data (obligatorisk) Tidlegare utdanning (obligatorisk) Motivasjon for studiet (obligatorisk) Lese- og skriveerfaring, deltaking i lese- og skrivegrupper, redaksjonsarbeid, deltaking i antologiar eller andre publikasjonar, litteraturpedagogisk arbeid eller annan arbeidserfaring frå tidsskrift, forlag o.l. Legg gjerne ved referansar.