Skrivekunstakademiet i Hordaland driv undervisning innan skjønnlitterær skriving. Skolen har landets mest etterspurde utdanningstilbod på dette feltet, og mange av studentane har debutert som forfattarar.
Akademiet er lokalisert i Kulturhuset USF (Verftet) på Nordnes i Bergen, eit bygg som huser mange kulturverksemder og kunstnarar innan ulike fagområde. I tillegg finn ein kafé, filmklubb, konsertlokale, visningsrom og teatersal i bygget.
Skrivekunstakademiet blei skipa i 1985, av forfattaren Rolf Sagen og Hordaland fylkeskommune, som finansierer institusjonen. I styret sit representantar frå fylkeskommunen, Universitetet i Bergen og Den norske Forfatterforening. Skrivekunstakademiet i Hordaland er ei stifting som har til føremål å gje undervisning i skrivekunst og elles arbeide for å styrkje norsk skriftkultur. Årsstudiet er gratis, og er godkjend som høgare utdanning av NOKUT. Fullført utdanning gjev 60 studiepoeng. Ein kan søkje lån og stipend i Statens Lånekasse for utdanning.