Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Nord universitet
13. september 2023.


Om studiet
Er du naturinteressert? Vil du vera med å forvalte naturen? Då treng du kunnskap om dyr og planter, landskap, økologi, klima, jakt og fiske. Vil du læra meir om natur og likar ei blanding av teori og praktisk arbeid så er dette eit studium for deg.
Studiet i naturforvalting består i hovudsak av biologiske og forvaltningsrelaterte emne. Du lærer m.a. om biologisk mangfald, forvalting av vilt og fisk, landskapsplanlegging og forvalting av norsk natur. Studiet gjer ei brei biologisk basiskunnskap som grunnlag for å kunna forvalte naturressursane våre. Mykje av undervisninga er praktisk retta i form av øvingar, feltkurs og ekskursjonar. Emne som geologi, vegetasjon, økologi, zoologisk artslære, botanisk artslære, naturregistrering, naturforvalting, arealplanlegging, kart og GIS (geografiske informasjonssystem) er sentrale.
Emna i siste del av studiet legg vekt på å knyta undervisninga til reelle forvaltingssituasjonar i dagens samfunn. I emnet Naturforvalting (NAT330) vert det gjennomført ein ekskursjon til utlandet. Gjennom bacheloroppgaven i 3. studieår får du høve til å fordjupe deg fagleg i eit sjølvvalgt tema, gjerne i samarbeid med eksterne oppdragsgjevarar eller som deltakar i eit av forskingsprosjekta våre.
Me tilbyr 2 valemne i løpet av 6. semester som studentane kan erstatta med andre relevante emne etter ønskje. Slike emne kan til dømes plukkast frå studieprogram som husdyrfag – velferd og produksjon, sirkulær bioøkonomi eller økonomi og leiing. Ein kan òg få godkjend tidlegare fullførte emne frå Nord universitet eller andre universitet og høgskular. Byte av valemne skjer i samråd med studierettleiar. Merk at valemnet MA116F Matematikk og statistikk for biologar, er påkravd for å kvalifisera for opptak i masterprogrammet i biovitskap.
Undervisninga vert gjennomført med førelesningar, gruppearbeid og øvingar. I tillegg inneheld dei fleste emne feltkurs, ekskursjonar og prosjektoppgåver. Delar av undervisninga føregår i felt: m.a. praktisk elgjakt, sporing av store rovdyr, elektrisk fiske og rypetakseringar. Om du er interessert i skogfag så kan du ta SKO120 Innføring i skogfag, 10 studiepoeng som et tilleggsemne. Delar av undervisninga kan bli gjeven på engelsk.
Undervisningsopplegg
Undervisning ved institusjonen
Opptaksinformasjon
Opptak til studieprogrammet krev generell studiekompetanse.
Søkere som ikkje har generell studiekompetanse, og er 25 år eller eldre, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.https://www.nord.no/no/studier/opptak/realkompetanse
Arbeid innan landbruk, skogbruk, fiskeri, friluftsturisme, skjøtsel, miljøforvaltning, reindrift, klima og miljøvern og andre relaterte næringar/organisasjonar.
Skular med relevant linje/fag i forhold til utdanningen kan til dømes vera grøne fag, blå fag, tekniske fag og næringsmiddelfag.
Vidare gjeld følgande faglege krav:
Matematikk frå Vg1
Naturfag frå Vg1
Videre studier
Studiet gjer det mogleg å studere vidare på master i biovitenskap eller nordisk master i bærekraftig produksjon og utnyttelse av marine bioressurserved Nord universitet. For opptak til master i Biovitenskap krevst tilleggsemne innan matematikk/statistikk som du kan velje i 6. semester. Ta kontakt med studierådgjevar eller studieansvarleg for nærare informasjon om dette. Studiet kvalifiserer også for masterstudier ved andre norske eller utanlandske universitet.
Karrieremuligheter
Som naturforvalter kan du bli tilsett i ei rekkje ulike stillingar innan t.d. naturforvaltning, vilt- og fiskeforvaltning, landskapsplanlegging, informasjonsarbeid og naturoppsyn. Døme på verksemder der kandidatar frå naturforvaltning arbeider er kommunar, Statens naturoppsyn, miljøvernavdelingar hos Statsforvaltaren, i private verksemder og i organisasjonslivet.
Utveksling
Naturforvalting er eit internasjonalt fagområde med felles nasjonale og globale utfordringar. Internasjonal erfaring og kjennskap til internasjonalt fagspråk er derfor viktig i utdanninga. Nord har avtalar med ei rekke universitet over heile verda som gjer det mogleg å ta eit semester i utlandet som en del av studiet. Som student på bachelor i naturforvaltning har du moglegheit til å reisa på utveksling i 4. semester. Ta kontakt med internasjonal koordinator på fakultetet, Jose de Pool, for å høyra meir om moglegheitene dine.
Her finner du en oversikt over partneruniversiteter du som student i naturforvaltning kan reise til:
AUSTRALIA
James Cook University
Charles Darwin University
Deakin University
CANADA
Memorial University of Newfoundland
University of Northern British Columbia
St. Francis Xavier University
Lakehead University
University of Saskatchewan
USA
Humboldt State University
University of Minnesota - College of Food, Agricultural and
Natural Resource Management (CFANS)
University of New England
University of Alaska Fairbanks
DANMARK
Roskilde University
NEDERLAND
Wageningen University