Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Vil du lære meir om korleis du kan undervise i nynorsk for å gjere undervisninga meir effektiv, motiverande og meiningsfull for både deg og elevane dine?
Kvifor studere undervisning i nynorsk som sidemål?
Sidan dei fleste elevane berre møter nynorsk i skulen, kan det vere krevjande for lærarar å undervise i nynorsk som sidemål. Dette faget vil handle om korleis du kan gjere nynorsken lettare tilgjengeleg gjennom fokus på gode undervisningsmetodar som knyter nynorsken til elevane sitt eige språk og sin eigen kvardag.
Kva lærer du?
Emnet legg vekt på kva nynorsk er, kvifor vi har nynorsk på skulen, og korleis vi skal undervise i nynorsk som sidemål - med klar vekt på det siste. Metodar som språkdusj, språksamanlikning og bruk av moderne nynorsk litteratur har som mål å gjere undervisninga di meir variert og engasjerande for elevane.
Du finn meir informasjon i emneplanen
Målgruppe
Emnet er retta mot lærarar og andre som driv undervisning i nynorsk som sidemål.
Dette er faget for deg som har nynorsken godt under huda allereie, for deg som kjenner du treng litt meir påfyll før du skal i gang med undervisninga, og for deg utan nynorskbakgrunn.