Fakta
15900
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Jobbar du i turistnæringa og vil lære korleis du skapar gode temabaserte reiseopplevingar ved bruk av storytelling?
Kvifor skal du studere temabaserte opplevingar og storytelling?
Reiselivet og turistnæringa er i rivande utvikling, der opplevingar knytt til særskilde interesser er ein sterk trend. Dette emnet gir deg innblikk i korleis du kan bidra til å utvikle denne forma for turisme med konkrete verkemiddel, som blant anna storytelling, på både forretnings- og destinasjonsnivå.
Kva lærer du?
I denne vidareutdaninga vil du lære å bruke storytelling som ein del av ei spesifikk reiseoppleving, eller som del av ei totaloppleving. Du vil kunne identifisere og formidle sentralt fagstoff, planleggje og gjennomføre konkrete arbeidsoppgåver og prosjekt som strekk seg over tid, både åleine og i samspel med andre.
Kurset dekker mellom anna introduksjon til SIT (special interest tourism), marknadstrendar, opplevingsøkonomi og tenesteopplevingar, produktutvikling og historieforteljing i reiselivsverksemder.
Les mer om emne i emneplanen.
Målgruppe:
Emnet rettar seg mot mot deg som arbeider i, eller har interesse for reiselivs- eller turistnæringa, men det er ikkje eit krav.