Fakta

Sted:
Bergen
Førde
Haugesund
Stord
Sogndal
Studietype:
Forskerutdanning/PhD
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
180

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Dette er ei forskarutdanning som kvalifiserer for vitskapleg arbeid og forsking innanfor feltet danning og didaktiske praksisar slik dette problemområdet utfalder seg innanfor utdannings- og opplæringssektoren, kultursektoren og andre sektorar.

Studiet har som premiss at danning ter seg ulikt i ulike utdanningskontekstar. Studiet tar difor ikkje utgangspunkt i ein bestemt definisjon av danningsomgrepet, men opererer med ei vid tenking om danning. Studiet utfordrar til nye måtar å studere danning på som praksisrelaterte prosessar, for eksempel spenning mellom danning, institusjonelle mekanismar og sjølv-danning, reproduksjon og endring.

Studiet er tverrfagleg og samlar forskningstradisjonar, forståing av og refleksjon over didaktiske praksisar frå ulike fagfelt. Ein studerer danning som noko som blir til og forstått gjennom ulike typar didaktiske praksisar, og som utfordrar den ofte framsatte motsetninga mellom teori og praksis. Felles for fagområda er danningsomgrepet som gir rom for både det som formar og det som blir forma. Studiet skal på bakgrunn av dette utforske, prøve ut og vidareutvikle vitskaplege metodar og forskingsmodellar og soleis styrke forskingsbasert profesjonsutøving.

HVL utdannar lærarar til barnehage, skule og kultursektor, og ph.d.-studiet knyter saman undervisnings- og læringspraksisane i desse institusjonane med studium av sentrale danningstekstar og forskingsutfordringar i feltet. Studiet samlar ulike fagtradisjonar si forståing av og refleksjon over epistemologi, estetikk og etikk i barn og unges leik, læring og utforsking.

Les meir om Studiar av danning og didiaktiske praksisar på dei øvrige nettsidene til ph.d.-programmet.

Opptakskrav

For å bli tatt opp på doktorgradsstudiet må du kunne dokumentere følgjande:

  • Fullført relevant mastergrad, hovudfag eller tilsvarande med gode studieresultat, det vil seie normalt karakteren B eller betre på masteroppgåva og eit gjennomsnitt på B for studiedelen.
  • Finansiering tilsvarande tre årsverk og driftsmiddel for å kunne gjennomføre forskingsdelen av utdanninga
  • Prosjektskildring der det mellom anna blir gjort greie for tema, problemstillingar, val av teori og metode m.m.
  • Framlegg til minst ein rettleiar og stadfesting på at vedkomande har sagt seg villig.

Meir informasjon om opptaket.

Sjå også informasjon om søknad og opptak ved HVL.

Utveksling

Alle utdanninger innen