Fakta

Sted:
hvl.no
Studietype:
Enkeltemne
Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Ønskjer du å jobbe med utgreiing av skredfare i bratt terreng i ei statleg verksemd eller konsulentbransjen? Eller jobbar du allereie med skredfarevurdering, men ønsker fagleg påfyll for å føle deg tryggare når du skal ta vanskelege avgjersler?

Kvifor studere skredfarevurdering i bratt terreng?

Kartlegging av skredfare i bratt terreng etter byggteknisk forskrift TEK17 er ei kompleks oppgåve. Det krev djuptgåande teoretisk kunnskap om ulike skredtypar, inkludert prosessforståing, identifisering av potensielle lausneområde, gjenkjenning av avsetning og landformer, samt innsikt i modelleringsverktøy. Til saman gir dette kompetansen du treng for å identifisere, vurdere og kvantifisere årleg sannsyn for skred, og dermed avklare den lokale skredfaren i eit avgrensa område.

Kva lærer du?

Gjennom kurset vil du få ei brei teoretisk innsikt i ulike skredtypar. Du vil lære om effekten av skog, relevante meteorologiske og klimatiske utløysingsfaktorar for skred, i tillegg til lovverk, teknisk rettleiar og skredmodelleringsverktøy.

Etter fullført kurs skal du vere i stand til å planlegge, utføre og formidle skredfarevurderinga i bratt terreng etter TEK17, og kunne takle utfordringar som rettleiaren ikkje gir eit fullgodt svar på.

Les meir om kva du lærer i emneplanen for GEO851 Skredfarevurdering i bratt terreng.

Målgruppe

Vidareutdanninga er relevant for deg som er geolog, meteorolog eller hydrolog. Den er relevant for deg som er masterstudent, nyutdanna eller i ein prosess med arbeidslivsomstilling. Du må ha to år med arbeidserfaring, men dette treng verken vere fulltid eller innanfor fagfeltet.

Opptakskrav

  • Bachelorgrad, eller tilsvarande, innan ingeniørgeologi, naturgeografi, geologi, geoteknikk, hydrologi eller meteorologi.
  • To års arbeidserfaring (dokumentert med arbeidsattest)