Fakta

Sted:
Nettstudier
Studietype:
Enkeltemne
Studiepoeng:
2.5

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Kva effekt kan migrasjon og det å leve i eksil ha å seie for helsa? Dette er kurset for deg som jobbar i helsetenesta og ønsker meir teoretisk kunnskap om migrasjon – og effekten det kan ha på pasientar som har migrert til eit anna land.

Kvifor studere Sentral teori om migrasjonshelse?

Krig, dårleg levestandard og arbeidsløyse er viktige årsakar til at folk flyktar frå sine heimland. Ved å studere Sentral teori om migrasjonshelse vil du få moglegheita til å dykke inn i ulike teoriar rundt migrasjon. Vi vil mellom anna sjå på kva rolle helsepersonell spelar for deteksjon av brot på menneskerettane og du vil lære å iverksette tiltak etter behov.

Kva lærer du?

Etter å ha gjennomført kurset vil du ha kunnskap...

  • om teoriar rundt migrasjonshelse,
  • om menneskerettar og korleis detektere brot på desse,
  • til å vurdere og dokumentere helsefunksjon og funksjonshemming som stammar frå migrasjonsprosessen,
  • til å kjenne att brot på menneskerettar og iverksette tiltak etter behov.

Les meir i emneplanen.

Målgruppe

Kurset er for  klinikarar, leiarar og administrativt tilsette i helserelaterte organisasjonar. Det er på masternivå og krever bachelorgrad.