Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
17. november 2023.


Om studiet
Kvifor studere rusproblematikk og rusarbeid?
Denne vidareutdanninga skal stimulere til fagleg utvikling, og den auka kompetansen du får skal kunne nyttast i samhandling med brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar.
Kva lærer du?
- Om ulike problemstillingar og perspektiv på rusrelaterte vanskar
- Om samansette utfordringar for brukar og hjelpeapparat
- Teoriar og metodar som er sentrale i arbeid med rusrelaterte utfordringar
- Å analysere hjelpebehov i eit heilskapsperspektiv
- Om samhandling på tvers av faggrupper og tenestenivå
- Å kunne reflektere kritisk over utforminga av hjelpetilbod
Studiets oppbygging
Vil du studere meir?
Du kan bygge på vidareutdanninga med master i psykisk helse- og rusarbeid. Du kan søke om å få godskrive første del (60 studiepoeng) av masterstudiet.
Nokre av emna i vidareutdanninga i rusproblematikk kan inngå som valemne i master i samhandling og folkehelse, master i sosialvitenskap og master i familieterapi og relasjonelt arbeid.Les om korleis du kan søke om innpass.
Opptakskrav
Bachelorgrad i helse- og sosialfag.
Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.
Søknadskode: 1707
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Du kan jobbe innan
- barne- og ungdomsinstitusjonar, barnevernstenesta og utekontakten
- barnehage og skule
- NAV
- kommunal rusteneste
- psykisk helsevern
- tverrfagleg spesialisert rusbehandling