Fakta

Sted:
Førde
Haugesund
Bergen
Studietype:
Videregående skole
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Oppstart: 28. august
Studiepoeng:
60

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

14. mai 2023.

Om studiet

Kva er realfagskurs?

Realfagskurset er eit tilbod for deg som vil bli ingeniør, men som manglar fordjupning i matte og fysikk. Kurset er heilårig, og startar opp på hausten.

Kurset er nett- og samlingsbasert, og kan difor kombinerast med jobb. Samlingane og eksamen går føre seg ved studiestaden du får opptak til: Bergen, Førde eller Haugesund.

Faga som inngår i kurset er matematikk og fysikk. Pensum omfattar det vesentlege av FY1, matematikk R1 og R2. Undervisninga er tilpassa ei vidare ingeniørutdanning.

Du kan søke støtte frå Lånekassen for å ta realfagskurset.

Studiestart 2023 er måndag 28. august kl. 09.00. I Førde er det oppmøte på rom Hornelen. Kva for rom det blir oppmøte på i Bergen og Haugesund er ikkje klart enno.

Du kan også ta halvårig realfagskurs i vårsemesteret i Bergen. Dette kurset går på heiltid.

Studiets oppbygging

Korleis er undervisninga?

Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer både på nett og på samlingar. Vi legg opp til tre dagar lange samlingar ein gong i månaden. Totalt blir det åtte samlingar. I samband med laboratoriumsundervisning vil ei av samlingane i vårsemesteret vere obligatorisk.

Du møter på studiestaden du har fått opptak til (Bergen, Førde eller Haugesund)

For å lukkast med kurset er det viktig å vere aktiv på samlingane og følgje mest mogeleg av undervisninga som går føre seg på nett.

Det er spesielt viktig at du møter på den første samlingsdagen på campus. Her får du nyttig informasjon om kursets oppbygging på den digitale plattforma. Du blir kjent med faglærarar og medstudentar, du får delta i diskusjonar om studieteknikk, og du får ein god start på arbeidet med første del av pensum i realfaga.

Kva er forskjellen på realfagskurs og forkurs?

Forkurset er for deg som ikkje har generell studiekompetansese, og inneheld derfor fleire fag enn realfagskurset: matematikk, fysikk, norsk, engelsk og teknologi og samfunn.

Realfagskurset er for deg som har generell studiekompetanse, men manglar realfaga, altså matematikk og fysikk.

Karrieremuligheter

Kva blir du kvalifisert for?

Bestått matematikk og fysikk på realfagskurset dekker krav til R1, R2 og FY1 ved opptak til høgare utdanning i Norge.

Alle utdanninger innen