Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
1. februar 2023.


Om studiet
Ønskjer du kunnskap om betydninga av psykiske og sosiale forhold i arbeid med barn og unge? Vil du også ha kompetanse om tverrfagleg samhandling og tenesteutvikling i praksis, så er dette ei utdanning for deg.
Kva lærer du?
- Barn og unge sine psykiske- og sosiale forhold i eit helsefremjande og førebyggjande perspektiv.
- Tverrfagleg samhandling og tenesteutvikling på tvers av sektorar og fagprofesjonar
- Livsmeistring og folkehelse
- Fagutvikling og rettleiing
- Praksisnær undervisning
Tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge er på mastergradsnivå.
Studiets oppbygging
Organisering av studiet
Studiet er organisert som eit samlingsbasert deltidsstudium over
to år (fire semester) med tilsaman 12 samlingar à 3 dagar. Det
vert både fysisk undervisning og digital undervisning via Zoom.
Det blir lagt opp til sjølvstudium og tverrfaglege studentaktive
læringsformer mellom samlingane.
Høgskulen på Vestlandet tilbyr utdanninga på oppdrag frå
Helsedirektoratet, og tar opp studentar vekselvis ved campus
Bergen, Førde og Stord/Haugesund. Hausten 2023 kan du søke opptak
til Stord/Haugesund eller Førde. Opptak seinare studieår er
avhengig av framtidige oppdrag frå Helsedirektoratet.
Vil du studere meir?
Dersom du har fullført og bestått tverrfagleg vidareutdanning i psykososialt arbeid med barn og unge, og ønskjer å ta ein mastergrad kan du søke om innpass og få godskreve 55 studiepoeng i masterprogrammet i samhandling og folkehelse.