Fakta

Sted:
Førde
Studietype:
Høyere nivå
Studieform: Nettstøttet, undervisning ved lærestedet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
60

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Ønskjer du å styrke og vidareutvikle den faglege og personlege kompetansen din i arbeid med menneske med psykiske lidingar og psykososiale vanskar? Då er dette ei aktuell vidareutdanning for deg. Utdanninga er tverrfagleg, og er på masternivå.

Det siste kullet på denne vidareutdanninga blei tatt opp i 2022. Frå 2024 tilbyr vi ei ny vidareutdanning. Klikk for å lese om det nye studieprogrammet «Psykisk helse- og rusarbeid | tverrfaglig videreutdanning».

Vi har eit særleg fokus på meistring og helsefremming med utgangspunkt i samarbeid med brukarar og personar i nettverket.

Du lærar om:

  • fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk
  • organisering av tenesta på individ- og systemnivå
  • kommunikasjon, samarbeid, konflikthandtering og konfliktløysing
  • krevjande livserfaringar og psykiske lidingar i eit livsløpsperspektiv
  • vitskapsteori, metode og etikk

Er du tilsett i ein kommune? Då kan arbeidsgivaren din søke Statsforvaltaren om kompetanse- og innovasjonstilskot.  

Praksis

Du skal delta i grupperettleiing, og gjennomføre ein praksisperiode på 270 timar. Vi nyttar praksisplassar innan psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta, psykisk helsearbeid i den kommunale helse- og sosialtenesta, familiekontor og poliklinikkar, der samhandlingskompetanse på tvers av etatar og forvaltningsnivå blir vektlagd.

Gjennom rettleiing i praksis skal du ha fagleg delansvar for den planlagde terapeutiske kontakten med pasient/brukar og familie.

Studiets oppbygging

Samlingar hausten 2022

  • Veke 34 måndag til fredag
  • Veke 37 måndag til fredag

Skriftleg skuleeksamen 5. oktober, 4 timar

  • Veke 42 måndag til fredag
  • Veke 45 måndag til fredag

Skriftleg skuleeksamen 2. desember, 4 timar.

Samlingar våren 2023

  • Veke 2  måndag til fredag
  • Veke 5  måndag til fredag

Heimeeksamen innlevering 1. mars kl.14

  • Veke 11  måndag til fredag
  • Veke 17  måndag til fredag

Heimeeksamen innlevering 2. juni kl.14

Vil du studere meir?

Du kan bygge på vidareutdanninga på masterprogram innanfor psykisk helse- og rusarbeid på Høgskulen på Vestlandet. Du søkjer opptak og innpass på mastergradstudiet. Du vil då få godskrive første del (60 studiepoeng) av mastergradstudiet.

Studiet kan også etter søknad gå inn som valfritt emne og gi avkorting av andre relevante masterstudium.

Opptakskrav

Treårig helse- eller sosialfagleg høgare utdanning og eitt års relevant yrkespraksis etter fullført utdanning. Søkjarar med anna relevant høgare utdanning kan få opptak etter særskilt vurdering.

Søknadskode: 1710

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Du kan jobbe blant anna som:

  • Psykisk helsearbeidar i psykisk helseteneste i kommunar, NAV og barnevern
  • Ved ulike avdelingar i spesialisthelsetenesta, poliklinikk, lærings- og meistringssenter

 

Alle utdanninger innen