Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
17. november 2023.


Om studiet
Kvifor studere praktisk utdanningsvitskap
Studiet er relevant for alle i heile utdanningssektoren som ønskjer å auke sin kompetanse. Innhaldet er praksisnært og kvalifiserer til stillingar der utvikling av fagleg støtte og leiing av utdanning er sentralt.
Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men ein del av samlingane foregår også på Stord og i Sogndal.
Fordjupingar
Startar du våren 2024, kan du velje mellom følgjande fordjupingar:
- Leiing og profesjonsutvikling i utdanningssektoren
- Spesialpedagogikk
- IKT i læring
Studiets oppbygging
Kva lærer du?
I denne nyoppretta masterutdanninga lærer du mellom anna om bruk av digitale verktøy i undervisning og læring, vitskapsteoretiske og metodiske tradisjonar knytt til forsking om skule og utdanning, samt om utdanningsforsking i praksis. Dette skal danne grunnlaget for arbeidet med di eiga masteroppgåve.
Fysiske samlingar og nettmøte
Studiet vil bli lagt opp med fysiske samlingar. I tillegg vert det nettmøte, samt eige arbeid og rettleiing (individuelt og i gruppe) mellom samlingane. Det vert lagt stor vekt på studentaktive læringsformer i studiet.
Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men ein del av samlingane foregår også på Stord og i Sogndal.
Det er mogleg å søkje støtte frå UDIR
Vil du studere meir?
Master i praktisk utdanningsvitskap kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.
Utveksling
Opptakskrav
- Fullført og bestått lærarutdanning
eller
- Fullført og bestått barnehagelærarutdanning
eller
- Fullført og bestått relevant bachelor/cand. mag.-utdanning
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Masterutdanninga er for lærarar på alle nivå som underviser. Det gir ei verdifull kompetanseheving for deg som jobbar i grunnskule eller barnehage, men også for deg som er leiar i skulen eller ved andre pedagogiske institusjonar.
Dersom du vel spesialpedagogikk som fordjuping, kan du arbeide med barn som treng ekstra støtte i fagleg og sosial læring i barnehage og skule.
Dersom du vel IKT i læring kan du arbeide vidare i ulike delar av utdanningssystemet der pedagogisk utviklingsarbeid knytt til digital teknologi er sentralt.
Dersom du vel leiing og profesjonsutvikling i utdanningssektoren kan du arbeide med profesjons- og systemutvikling, samt andre faglege roller og funksjonar i utdannings- og oppvekstsektoren.
Utveksling
Australia | Queensland University of Technology | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10100
Australia | University of the Sunshine Coast (USC) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10315
Australia | James Cook University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10489
Australia | Griffith University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=309
New Zealand | Auckland University of Technology (AUT) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=591
USA | California State University Monterey Bay (CSUMB) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10491
USA | San Diego State University (SDSU) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10462