Fakta

Sted:
Haugesund
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

24. april 2024.

Om studiet

Korleis identifiserer du kva sår som har normal og forventa heling, og kva sår som krev oppfølging og behandling? Korleis eliminerer du tilstander som hemmar heling av sår? I vidareutdanninga vil du lære løysingar som både er fagleg og samfunnsøkonomisk forsvarlege når det kjem til behandling av sår.

Kvifor studere Pleie og behandling av ikkje-helande sår?

Det er behov for personell med spesialkompetanse innan sårbehandling på alle nivå av helsetenesta.

I løpet av dei siste 10-15 åra har pleie og behandling av sår vakse fram som eit eige fag. Det vitskapelege grunnlaget for faget har også hatt ei rivande utvikling i denne perioden.  

Ved å studere Pleie og behandling av ikkje-helande sår vil du få oversikt over fagområdet sine uttrykksformer, og bli i stand til å drøfte faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar både på spesialistnivå og med allmenta.  

Korleis er studien bygd opp?

Pleie og behandling av ikkje-helande sår er ei vidareutdanning på 30 studiepoeng som er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng:

Kva lærer du?

Ved å gjennomføre vidareutdanninga vil du mellom anna lære om:

  • Generelle prinsipp for behandling av ikkje-helande sår
  • Sårbehandlinga sitt fysiologiske og patofysiologiske grunnlag
  • Sår som ikkje gror, generelle behandlingsprinsipp
  • Behandling av sår forårsaka av systemiske sjukdommar
  • Sår forårsaka av sjukdom i venøs, arteriell og lymfatisk sirkulasjon
  • Sår forårsaka av trykk, nevropati og immunologisk/inflammatorisk sjukdom

Målgruppe

Dette er studien for deg som jobbar i helsetenesta og ønskjer meir kunnskap om behandling av sår. 

 

 

Studiets oppbygging

.

Alle utdanninger innen