Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Korleis identifiserer du kva sår som har normal og forventa heling, og kva sår som krev oppfølging og behandling? Korleis eliminerer du tilstander som hemmar heling av sår? I vidareutdanninga vil du lære løysingar som både er fagleg og samfunnsøkonomisk forsvarlege når det kjem til behandling av sår.
Kvifor studere pleie og behandling av ikkje-helande sår?
Det er behov for personell med spesialkompetanse innan sårbehandling på alle nivå av helsetenesta.
I løpet av dei siste 10-15 åra har pleie og behandling av sår vakse fram som eit eige fag. Det vitskapelege grunnlaget for faget har også hatt ei rivande utvikling i denne perioden.
Ved å studere pleie og behandling av ikkje-helande sår vil du få oversikt over fagområdet sine uttrykksformer, og bli i stand til å drøfte faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar både på spesialistnivå og med allmenta.
Korleis er studien bygd opp?
Pleie og behandling av ikkje-helande sår er ei vidareutdanning på 30 studiepoeng som er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng:
- SÅR1101 Generelle prinsipper for behandling av ikkje-helende sår
- SÅR1102 Behandling av sår forårsaket av systemiske sykdommer
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre vidareutdanninga vil du mellom anna lære om:
- Generelle prinsipp for behandling av ikkje-helande sår
- Sårbehandlinga sitt fysiologiske og patofysiologiske grunnlag
- Sår som ikkje gror, generelle behandlingsprinsipp
- Behandling av sår forårsaka av systemiske sjukdommar
- Sår forårsaka av sjukdom i venøs, arteriell og lymfatisk sirkulasjon
- Sår forårsaka av trykk, nevropati og immunologisk/inflammatorisk sjukdom
Målgruppe
Dette er studien for deg som jobbar i helsetenesta og ønskjer meir kunnskap om behandling av sår.
Studiets oppbygging
.