Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
I dette emnet lærer du om ustabile fjellsider som blir overvaka i Noreg og andre stader i verda. Vi undersøker geologien og instrumenteringa på det ustabile fjellpartiet «Stampa» i lag med geologar frå NVE.
Kvifor studere overvaking av ustabile fjellsider?
Norge har mange fjellsider som er i rørsle. I dag blir ti av desse overvaka kontinuerleg med ulike typar instrument. Opp i gjennom historia har kollapsa fjellsider ført til mange omkomne, særleg på grunn av tsunamiar utløyste av fjellskred som har gått ned i fjorden eller i ein innsjø.
Ved å læra om korleis fjellsider bevegar seg og korleis desse kan instrumenterast kan ein vera med å laga overvakingssystem som kan varsla når eit fjellparti nærmar seg ei utgliding. Målet er at ingen skal omkomma i nye fjellskred i Noreg.
Kva lærer du?
Dette kurset er på masternivå. Ved å gjennomføre vidareutdanninga vil du lære:
- Om geologiske forhold og modellar som forklarar bevegelsen til ustabile fjellparti.
- Om instrument som blir brukt til å overvake ustabile fjellsider: Radar, tiltmeter, extensometer, laser, totalstasjon, DGPS-nettverk og boreholsinstrumentering.
- Å tolke data innsamla med ulike typar instrument, og forstå kvaliteten på datamateriale når det gjeld nøyaktigheit og presisjon.
- Åtolke terrengmodellar og flyfoto for å lokalisere ustabile fjellsider og kunne planlegge eit tenleg overvakingssystem basert på bevegelsen (type instrument, plassering m.m.).
Les meir om kva du lærer i emneplanen GE4-305 Overvaking av ustabile fjellsider
Målgruppe
Målgruppa er masterstudentar i geologi og geologar i arbeidslivet med godkjent bachelorgrad i geologi.
Praktisk informasjon
Opptakskrav
Bachelorgrad i geologi/geovitenskap