Fakta

Sted:
Sogndal
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Heltid
Oppstart: 12. august
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 30
Søknadskode (SO): 203526

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

24. april 2024.

Om studiet

Med bachelor i økonomi og jus får du ei brei og yrkesretta utdanning som kan brukast innanfor arbeidsfelta forvaltning, sakshandsaming, rådgiving, leiing og økonomisk styring. Du får ein etterspurd og unik kompetanse innan økonomi og jus.

Kvifor studere økonomi og jus?

Studiet er sett saman av emne frå dei viktigaste økonomiske og administrative fagområda, i tillegg til grunnleggande juridiske emne. Du kan studere bachelor i økonomi og jus ved campus Sogndal.

Du lærer om:

  • korleis du tolkar og brukar lovreglar inn i konkrete problemstillingar på rettsområde som kontraktsrett, erstatningsrett og tings- og immaterialrett
  • bedriftsøkonomi, samfunnsøkonomi og marknadsføring
  • leiing og strategi

Første studieåret tilsvarar årseining i jus. Med fullført årsstudium kan du søke opptak direkte til 2. år. Du søker gjennom vår Søknadsweb.

Dei to neste studieåra er sett saman av emne som dekkjer minimumskrav for bachelor i økonomi og administrasjon.

Studiets oppbygging

Korleis er undervisninga?

Læringsaktivitetane er varierte og det inngår forelesingar, seminar, gruppearbeid, øvingsoppgåver og munnlege presentasjonar. Teori vert kopla til praksis gjennom arbeid med relevante problemstillingar.

Vidare studium etter fullført utdanning

Bachelor i økonomi og jus dekkjer dei nasjonale krav til bachelor i økonomi og administrasjon. Du kan derfor søke på masterutdanningar innan økonomi og administrasjonsfag, også masterutdanningar som gjev sidetittelen siviløkonom.

Etter fullført bachelor i økonomi og jus kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Rådgjeving- og spesialistoppgåve innan økonomi, administrasjon og jus i privat næringsliv, offentleg organisasjonar og tredje sektor.

Alle utdanninger innen