OBS! Kravkoder og karaktersnitt er fra opptaket i 2025 og kan derfor skille seg fra kravene i årets opptak.

Fakta

Sted:
Sogndal
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2025:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 30
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 203526

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Med bachelor i økonomi og jus får du ei brei og yrkesretta utdanning som kan brukast i både privat og offentleg sektor. Du får nyttig kompetanse innan både juss og økonomi og administrasjon.

Kvifor studere økonomi og jus?

Studiet gir deg eit solid tverrfagleg grunnlag og evna til å analysere og løyse komplekse problem frå fleire perspektiv. Studiet er sett saman av fag frå dei viktigaste økonomiske og administrative fagområda, i tillegg til grunnleggande juridiske emne. Studiet er sett saman av fag frå dei viktigaste økonomiske og administrative fagområda, i tillegg til grunnleggande juridiske emne.

Du lærer:

  • Korleis tilnærma seg rettslege problemstillingar og løyse dei på ein strukturert og velfundert måte.
  • Korleis du tolkar og brukar lovreglar i konkrete problemstillingar på rettsområde som kontraktsrett, erstatningsrett og tings- og immaterialrett.
  • Viktig kunnskap ein må ha for å kunne ta gode økonomiske og strategiske avgjerder innanfor fagområda bedriftsøkonomi, samfunnsøkonomi, strategi og leiing og metode.
  • Ulike vitskapelege metodar og korleis dei kan brukast, og utvikling av analytiske ferdigheitar.
  • Å integrere berekraft, etikk og samfunnsansvar i økonomiske og juridiske vurderingar.

Du kan studere bachelor i økonomi og jus ved campus Sogndal - eit aktivt og inkluderande studiemiljø tett på natur, fag og framtidige arbeidsgivarar. Studiet passar for dei som studerer på heiltid i Sogndal og prioriterer studiane høgt.

Første studieåret tilsvarer årsstudium jus ved HVL. Dei to neste studieåra er sett saman av emne som dekker minimumskrava for ein bachelor i økonomi og administrasjon.

Studiets oppbygging

Korleis er undervisninga?

Læringsaktivitetane er varierte og består av førelesingar, seminar, gruppearbeid, øvingsoppgåver og munnlege presentasjonar. Teori blir kopla til praksis gjennom arbeid med relevante problemstillingar.

Det fyrste året i utdanninga består av juridiske fag. Du får grunnleggande forståing for juss, og kompetanse til å gjere rettslege vurderingar. Dette er eit år med tett oppfølging som gir god trening i strukturert og grundig problemløysing, samt argumentasjons- og framstillingsevne, noko som er svært nyttige ferdigheitar innanfor alle fagområde.

Dei to siste åra består av økonomiske og administrative fag. Økonomi er viktig både for kvar enkelt og for samfunnet, og handlar om mykje meir enn berre tal. I tillegg til typiske økonomi- og metodefag, har du fag som marknadsføring, leiing, strategi og samfunnsansvar.

Vidare studium etter fullført utdanning

Ein bachelor i økonomi og jus dekkjer dei nasjonale krava til ein bachelor i økonomi og administrasjon. Du kan derfor søke på masterutdanningar innan økonomi og administrasjonsfag og masterutdanningar som gir sidetittelen siviløkonom.

Etter ein fullført bachelor i økonomi og jus kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Har du årsstudium?

Hvis du allerede har tatt årsstudium i jus, kan du søke deg direkte inn på 2. året. Du søker gjennom Søknadsweb, under "overflytting".

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Bacheloren gir relevant kompetanse for arbeid både i offentleg og privat sektor, og  moglegheit til å bygge solid kompetanse som gjer deg relevant for framtidas arbeidsmarknad.

Ein kan til dømes arbeide med:

  • Rådgjeving- og spesialistoppgåver innan økonomi, administrasjon og jus i privat næringsliv, offentlege, frivillige og ideelle organisasjonar.
  • Innan arbeidsfelta forvalting, sakshandsaming, rådgiving, leiing og økonomisk styring.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Eit utvekslingsopphald kan organiserast på ulike vis, ta kontakt med studierettleiar for nærare informasjon. Det arbeidast no med justeringar i studieplanen slik at det skal bli enklare å reise på utveksling eitt semester på 2. eller 3. året.

Alle utdanninger innen