Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
24. april 2024.
Om studiet
Ønskjer du å lære korleis ein kan opparbeide og utvikle ein kjøkkenhage? Bli med på studiet som består av digitale undervisningsøkter og fire heildagssamlingar på campus Stord og Bergen. Studiet er avlyst våren 2023.
Kjøkkenhagar i skular, barnehagar og andre organisasjonar som arbeider med mennesker har fått ein renessanse dei siste åra og ein ser eit aukande behov for kunnskap.
I denne vidareutdanninga vil du lære korleis du kan opparbeide og utvikle ein kjøkkenhage. I tillegg til praktisk arbeid, vil utdanninga utforske tverrfagleg arbeid, barn sin medverknad, djubdelæring og erfaringsbasert læring. Å lære om hagen som arena for utdanning for bærekraft er også sentralt i vidareutdanninga.
Undervisning og samlingsdatoar
Kurset er samlingsbasert med totalt fire samlingar, med digital undervisning mellom samlingane.
Tema på samlingane
- Organisering og praktiske sider ved kjøkkenhagen. Jord, kompost og såing.
- Oppal av planter og jordforbetring. Didaktiske perspektiv i kjøkkenhagen og grøn omsorg. Barns medvirknad.
- Kjøkkenhagen som ein arena for utdanning for berekraft. Økologisk hagebruk og ulike plantekulturar.
- Hausting i hagen med fokus på sunn mat og konservering. Førebu hagen for vinter. Arbeid i hagen gjennom heile året.
Obligatoriske læringsaktivitetar og vurderingsform
Undervegs i studiet skal studenten dokumentere arbeidet med bilder eller film som skal leggast fram på eit eige arbeidskravseminar.
Dersom studenten ønskjer 15 studiepoeng, vert det gjennomført ei oppgåve knytt til utvikling av ny kjøkkenhage eller utvikling av eksisterande kjøkkenhage for brukargruppa studenten representerer.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Merk: Studium med studieavgift har ekstra krav og vilkår knytt til seg, og du må derfor lese godt gjennom reglane for studium med studieavgift.