OBS! Kravkoder og karaktersnitt er fra opptaket i 2025 og kan derfor skille seg fra kravene i årets opptak.

Fakta

Sted:
Haugesund
Studietype:
Bachelor
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
240
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: MARTE
Poenggrenser 2025:
  • 40.40 (primær)
  • 48.50 (ordinær)
Studieplasser: 48
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 203049

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Drøymer du om å jobbe til sjøs? Denne nautikkutdanninga er den einaste i Norge i dag som gir deg både teorien og praksisen du treng for å jobbe som styrmann etter enda utdanning.

Kvifor studere nautikk?

Bachelor i nautikk med integrert praksis ved HVL er den første utdanninga i sitt slag i Norge.

Du kan studere nautikk med integrert praksis ved campus Haugesund.

Dette er ei praksisnær leiarutdanning  som gir deg relevant kompetanse og gode jobbmoglegheiter. Å studere nautikk i den maritime byen Haugesund gjer at du som student vil vere i tett kontakt med den lokale næringa. På HVL i Haugesund finn du eit toppmoderne simulatorsenter kor du som student får prøve deg på dei praktiske oppgåvene innan nautikk.  

I studiet lærar du mellom anna å

  • planlegge og gjennomføre seglas i ulike farvatn og bruke ulike instrument og system
  • administrere og leie mannskap om bord
  • utføre oppgaver om bord på ein trygg måte for mannskapet, skipet og omgjevnadene
  • sikre trygg lasting, transport og lossing av last
  • planlegge og vurdere risiko

Tidlegare måtte du skaffe deg praksis sjølv i etterkant av studiet, men no er praksis tatt inn i studiet og gir deg alt du treng for å løyse dekksoffisersertifikat. Du vil difor kunne gå direkte ut i jobb som styrmann etter fullført utdanning, utan å måtte gå vegen om kadettstilling.

Har du ikkje generell studiekompetanse? Viss du har relevant fagbrev som matros eller fiskar, kan du ta nautikk gjennom y-vegen

Studiets oppbygging

Praksis

Som student vil du dra ut i praksis til sjøs undervegs i studiet– lengda på praksisperiodane vil variere. For å sikre alle studentane gode praksisplassar samarbeider vi tett med reiarlaga i regionen vår. 

Praksis er obligatorisk i studiet og dekker dei formelle krava til fartstid i den praktiske delen av utdanninga. Samla sett utgjer praksisperiodane 60 studiepoeng. Praksisperiodane har ulik lengd (frå 4 til 13 veker) og er fordelte over dei fire åra utdanninga varer. Praksis under studia inngår som ein integrert del av utdanninga og gir studiepoeng, og praksisperiodane er derfor ikkje lønna.

Praksisperiodane går føre seg om bord på skip, og ein må kunne mønstre på og av kvar som helst i verda. Du må derfor ha gyldig pass under heile studietida. Du bør heller ikkje ha noko på vandelen som kan gjere det vanskeleg å søke visum. Høgskulen på Vestlandet kan ikkje garantere praksisplass dersom du på grunn av vandel ikkje får visum og dermed heller ikkje kan reisa i praksis.

Korleis er undervisninga?

Du skal være godt rusta for yrkeslivet som møter deg etter studietida. Difor er vi oppteken av at du får innblikk i arbeidslivet gjennom heile utdanninga. Dette skjer mellom anna gjennom praksisperiodar, simulatortrening, gjesteførelsingar frå næringa og bedriftsbesøk.

Undervisninga vekslar mellom førelesingar, praksis, praktiske øvingar, oppgåveløysing, gruppearbeid, presentasjonar, diskusjonar, bedriftsbesøk og sjølvstudium. Praksisperiodane er sentrale i studiet og bind saman teori og yrkesliv.

Ein annan viktig del av utdanninga er simulatorøvingar. Vi har eit toppmoderne simulatorsenter ved campus Haugesund der du kan omsetje teori til praksis og samstundes bli kjend med utstyret du skal bruke i jobben om bord.

Opptakskrav

Opptaksinformasjon

Studentar som er tatt opp på utdanninga, må til ei kvar tid kunne vise fram gyldig pass og gyldig helseerklæring utan avgrensning, utferda av godkjend sjømannslege. Du kan lese meir om helseerklæring her. 

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Etter utdanninga kan du jobbe som styrmann eller dekksoffiser om bord i alle typar skip. Du er også kvalifisert til å søke relevante jobbar på land, for eksempel i reiarlag, alle typar maritime verksemder, klassifikasjonsselskap eller i Sjøfartsdirektoratet, for å nemne noko.

Det første sertifikatet du kan løyse, er dekksoffisersertifikat klasse 3 (D3). Du har også den utdanninga du treng for å kunne løyse det høgste sertifikatet, D1-sertifikat (skippersertifikat), etter nok fartstid i jobb som styrmann.

Lønn: Kva tener ein styrmann?

I følgje utdanning.no tener ein styrmann i gjennomsnitt 937 080 kr. Les meir om lønsstatistikk for dekksoffiser og styrmann på utdanning.no.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet.

Alle utdanninger innen