Fakta

Sted:
Stord
Studietype:
Årsstudium
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2025:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 20
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 203667

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Årsstudiet i musikk har fokus på å utøve, lage og produsere musikk. Du lærer om og får erfare musikken sine byggjesteinar, og korleis du på mange ulike måtar kan bruke desse til å lage og arrangere musikk til deg sjølv og/eller andre. I vårsemesteret får du mellom anna arbeide med eit sjølvvalgt prosjekt. 

Kvifor studere årsstudium i musikk?

Er du interessert i å lære deg teknikkar for å komme i gang med å lage musikk? Har du vore aktiv som utøvar og/eller komponist/låtskrivar? Eller kanskje du ønskjer deg eit ekstra undervisingsfag i grunnskulen? Då kan dette vere studiet for deg. 

Du får stor fridom når det kjem til fordjuping i hovudinstrument eller hovudområde, sjangar og formidlingsformar. Gjennom å delta i praktiske fellesprosjekt, samspel, gruppeoppgåve og presentasjonar av eigen eller andre sin musikk, får du også utvida erfaringsgrunnlaget ditt. Me legg stor vekt på å skape trygge ramme rundt undervisinga. 

Ved å studere musikk lærer du

  • om korleis du kan utvikle deg sjølv musikalsk 
  • om samspel og musikkformidling
  • om låtskriving, arrangering og studioarbeid
  • om lytting, musikals analyse og musikkteori  
  • å bruke musikkteknologiske verktøy  
  • å legge til rette for musikkaktivitetar og musikkundervisning med barn og unge

Musikkavdelinga på campus Stord har godt utstyrte øvingsrom, med mellom anna Mac-lab med installert Sibelius noteprogram og Logic studioprogram, studio med opptaksutstyr og mikrofonar av høg kvalitet. Alt dette får du som musikkstudent tilgang til - også utanom undervising.

Lærarane på Campus Stord har solid kompetanse og til saman har dei ei breidde av instrument og fagområde å tilby rettleiing i. Har du likevel eit instrument/ hovudområde som ikkje nokon av lærarane har kompetanse i, vil det bli henta inn rettleiar utanfrå.

Årsstudiet tilsvarer 1. året på bachelor i kunstfag. Bacheloren gir deg også moglegheita til å gå vidare på master i kunstfag

Opptaksinformasjon

Politiattest NN

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Fullført årsstudium i musikk kan vere starten på å skape din eigen leveveg innan musikkfeltet. Med musikkutdanning får du også ein ettertrakta kompetanse som kan bli brukt i barne- og ungdomsskulen, i arbeid i det frivillige musikklivet eller i musikkprosjekt av ulike slag. Saman med lærarutdanning eller praktisk pedagogisk utdanning (PPU) gir årsstudiet undervisingskompetanse i musikk.