Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Har du tatt toårig maritim fagskule og ønsker å bygge på med ei praksisnær leiarutdanning medan du er i jobb? Bachelor i Maritime Management gjer deg attraktiv på arbeidsmarknaden, både til sjøs og til lands.
Kvifor studere Maritime Management?
Maritime Management er ei skreddarsydd overgangsordning frå maritim fagskule til bachelorgrad som gir deg fleire moglegheiter i arbeidslivet. Utdanninga gir deg brei og oppdatert fagkunnskap som gjer deg attraktiv som sjøoffiser om bord i alle typar skip og i den landbaserte maritime næringa. Studieprogrammet går på deltid over fire år, og er tilpassa deg som er i jobb.
Gjennom studiet lærer du om:
- informasjonsteknologi i den maritime sektoren
- økonomi og logistikk
- organisasjon og leiing
- risiko- og kvalitetsleiing
- prosjektleiing
- forskingsmetode og akademisk skriving
Studiet er utarbeidd på bakgrunn av innspel frå maritimt næringsliv frå heile landet og tidlegare fagskuleutdanna, med særleg vekt på kva kompetanse den maritime næringa treng.
Du kan studerer Maritime Management ved campus Haugesund.
Studiets oppbygging
Korleis er undervisninga?
Studiet er heildigitalt med nettbasert undervisning fordelt utover heile semesteret. Du vil få støtte og oppfølging frå faglærar undervegs.
Studiet er lagt opp slik at det skal vere mogleg å kombinere med jobb. Undervisninga blir tatt opp slik at du kan sjå den i ettertid om du ikkje har mogelegheit til å delta når den føregår.
Undervisninga vekslar mellom forelesingar, workshops, praktiske øvingar, ulike former for individuelt arbeid og gruppearbeid og rettleiing. Mellom undervisninga og møtepunkta er det lagt opp til sjølvstudium.
Opptakskrav
Fullført og bestått toårig maritim teknisk fagskule, med fordjuping dekksoffiser eller maskinoffiser, på leiingsnivå.
Fritak: Søkarar med oppnådd vitnemål etter 1. juli 2013 får fritak for 60 studiepoeng, som utgjer første studieår. Søkarar med vitnemål frå før 1. juli 2013 vil bli vurdert individuelt, og må få fritak for 60 studiepoeng (som utgjer første studieår) for å vere kvalifisert.
Kvote: 30% av studieplassane er reservert for søkarar som har fullført fagskole våren 2022 eller 2023.
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Bachelor i Maritime Management, gjerne kombinert med sjøoffisersertifikat, gjer deg attraktiv som sjøoffiser om bord i alle typar skip lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I tillegg gir utdanninga deg oppdatert fagkunnskap som er etterspurd i den landbaserte næringa. Den formelle bachelorgraden vil saman med di operative erfaring gjere deg attraktiv både til sjøs og til lands. Etter fullført bachelor har du moglegheit til å ta vidareutdanning på universitet og høgskular.