Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Master, 2 år
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Vil du bidra til å styrke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene? Med master i kunnskapsbasert praksis kan du vere med på å sikre at tenestene er virkningsfulle, trygge og involverer brukarane.   

Kvifor studere master i kunnskapsbasert praksis?

Master i kunnskapsbasert praksis passer for alle som jobbar i helse- og omsorgstenestene og som ønsker å jobbe med kvalitetsbetring og implementering. Det kan til dømes vere aktuelt for deg som har spesielt ansvar for fagutvikling på di avdeling, eller som ønsker å jobbe meir med dette fremover. Det kan også passe for fagutviklarar og leiarar. Ved å ta master i kunnskapsbasert praksis får du nødvendig kompetanse for å jobbe med kvalitetsbetring, implementering og endringsprosessar i praksis. Å kunne bruke prinsippa for kunnskapsbasert praksis er avgjerande for å lukkast med kvalitetsbetring. 

Ein kan studere master i kunnskapsbasert praksis ved campus Bergen. 

Masterstudiet i kunnskapsbasert praksis gir deg djupnekunnskap om korleis ein

  • reflekterer over praksis
  • stiller presise spørsmål
  • søker etter og vurderer kvaliteten på forskingsbasert kunnskap
  • nyttar og set i verk forskingsbaser kunnskap
  • og evaluerer endringar i praksis.

Dette er ferdigheiter ein treng for å arbeide kunnskapsbasert, ta kunnskapsbaserte avgjerder og drive kontinuerleg betringsarbeid i praksis. Dette er ogå ferdigheiter ein treng for å halde seg fagleg oppdatert innanfor sitt fagfelt.

Samfunnet er i rask endring. Det vil vere viktig å kunne følge med på utviklinga i faget sitt, og kunne omstille seg raskt for å bidra til vidareutvikling av helse- og omsorgstenestene. Slik tar me vare på velferdsnivået.

Studiets oppbygging

Innhald i studiet

Studiet har ei kombinert undervisingsform, som består av digital undervising kombinert med samlingar på campus Bergen.

Samlingane varer mellom og fire dagar, og blir arrangert ein til to gonger per semester, avhengig av emne. På samlingane er det lagt opp til studentaktivitet slik som seminar med studentframlegg og diskusjon, gruppearbeid og øvingsoppgåver. 

Den digitale undervisninga består av webinar og gode læringsressursar i form av videoførelesingar, instruksjonsvideoar, interaktive element, og sjølvtestar. Læringsplattforma Canvas blir brukt for digital undervisning og for kommunikasjon mellom lærarar og studentar mellom samlingene.

I tredje semester tar ein emnet MAMET1KP Vitenskapsteori, etikk og metode, som er eit heildigitalt emne.

Du kan ta enkeltemne utan å søke opptak til heile masterstudiet, dersom du ønskjer fordjuping i kunnskapsbasert praksis eller fagspesifikke emne. Oversikt over enkeltemne som tilbys til hausten kjem på nettsida for enkeltemne 1. mai.

Utveksling

Om du er interessert i studieopphald i utlandet, ta kontakt med fagseksjonsleiar Nina Rydland Olsen. 

Studere meir?

Fullført mastergrad kvalifiserer deg for opptak på ph.d.-studiar.

Opptakskrav

  • Studieretning helsefag:
    Bachelorgrad innen helse- og sosialfag, samfunnsfag, pedagogiske fag, bibliotek- eller informasjonsfag, eller tilsvarande.

  • Studieretning ergoterapi:
    Bachelorgrad i ergoterapi eller tilsvarande.

  • Studieretning radiografi:
    Bachelorgrad i radiografi eller tilsvarande.

Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.

Søknadskode: 3005, 3041, 3042

Opptaksfrekvens:
Studiet har opptak i oddetallsår

 

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

  • Fagutvikling, kvalitetsbetringsarbeid og implementering.
  • Undervising, rettleiing og leiing i høgare utdanning.
  • Formidling av forskingsbasert kunnskap, for eksempel i klinisk praksis eller i fagtidsskrift.
  • Arbeidsoppgåver og stillingar der det blir stilt krav til vitskapleg innsikt, kunnskapshandtering, og produksjon av ny kunnskap.

Tidlegare studentar har mellom anna fått jobb som:

  • Fagutviklar i helse- og omsorgstenesta
  • Spesialrådgivar i helse- og omsorgstenesta
  • FoU-rådgivar i helse- og omsorgstenesta
  • Leiar i helse- og omsorgstjenesta
  • Undervisning i høgare utdanning
  • Stipendiat i høgare utdanning
  • Forskar

Her kan du lese ein artikkel skrive om tidlegare masterstudentar. 

Alle utdanninger innen