Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Bergen

Nivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120

Semester

4

Om studiet

Samfunnsutvikling, teknologiske endringar, aukande levealder og endra levevanar har stor betydning for sjukdomsbildet som pregar oppgåvene helsevesenet står overfor. Dette krev fysioterapeutar med gode kliniske ferdigheiter, sjølvstendig vurderingsevne og evnen til å halde seg oppdatert på ny kunnskap innan fagfeltet.

Innfallsvinkelen på studiet er mennesket som kroppsleg erfaringsberande og samhandlande aktør. Kroppen blir belyst som samansett fenomen, og helse- og funksjonsproblem blir drøfta ut frå ulike teoretiske perspektiv. I utdanninga vektlegg samspelet i behandlingssituasjonen, og refleksjon om fysioterapi som relasjonell virksomhet.

Du vel ein av følgjande studieretningar:

  1. Fysioterapi ved hjarte- og lungesjukdommar (to-årig)
  2. Fysioterapi ved muskel- skjelett, ortopediske og revmatiske helseproblem (to-årig)
  3. Fysioterapi ved psykiske og psykosomatiske helseproblem (tre-årig)

Oppbygging av studiet

  • I første studieår blir det undervist i teoretiske basiskunnskapar og praktiske ferdigheiter innan valt studieretning. Du vil også lære å forstå ulike perspektiv på kropp, funksjon, helse og sjukdom. Vitskapsteori, etikk og metode er organisert som nettkurs.
  • I andre studieår arbeider du videre med emne frå studieretninga du har valt, samt med masteroppgåva.
  • For du som vel studieretningen Psykiske og psykosomatiske helseproblem, arbeider du videre med emne frå studieretninga du har valt og masteroppgåva.

Fysioterapi ved hjarte- og lungejukdommar

Du får kompetanse innan fysioterapi knytt til pasientar med hjarte- og lungeproblem i akutt og kronisk fase. Du kvalifiserer deg til spesialisert og utvida kompetanse i rettleiing, forebygging, undersøking, behandling, habilitering og rehabilitering relatert til desse problema.

Fysioterapi ved muskel- skjelett, ortopediske og revmatiske helseproblem

Du får avansert kompetanse innan undersøking og behandling av pasientar med muskel, skjelett, ortopediske og revmatiske helseproblem både innan primær- og spesialisthelsetenesta. Du blir ein viktig bidragsytar inn mot ikkje-kirurgiske behandlingsalternativ som tradisjonelt har hatt ortopedisk kirurgi som førsteval, og/eller i forbindelse med postoperativ rehabilitering.

Fysioterapi ved psykiske og psykosomatiske helseproblem

Du får avansert kompetanse i å undersøke og å tilpasse psykomotorisk fysioterapi til pasienter med et bredt spekter av livs belastninger, innan primær- spesialisthelsetenesten. Det blir lagt særleg vekt på ferdighet og kunnskap om kroppsleg omstilling, samt relasjonell og ressursorientert kompetanse i samhandling med sårbare pasientar.

Praksis

Du har praksis tilsvarande 10 veker fulltidspraksis, fordelt mellom spesialist- og kommunehelsetenesta.

Studiets oppbygging

Vil du studere meir?

Fullført studium kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.

Utveksling

Det er mogleg å ha eit studieopphald i utlandet.

Opptakskrav

Bachelorgrad i fysioterapi og 1 års relevant fulltidspraksis.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Med denne mastergraden kan du arbeide som fysioterapeut med spesialisert klinisk arbeid innanfor ulike nivå og deler av helsetenesta. Du kan ha ansvar for undersøking, førebygging, behandling, hab-/rehabilitering og koordinering av forskings- og utviklingsarbeid. Du kan også arbeide i utdanningsinstitusjonar.

Masterstudiet i klinisk fysioterapi kvalifiserer deg til faglege leiande stillingar og til å kunne gi spesialisert og kunnskapsbasert fysioterapitilbod. Ein mastergrad er eit nødvendig skritt på vegen til utvikling av forskings- og spesialistkompetanse.