OBS! Kravkoder og karaktersnitt er fra opptaket i 2025 og kan derfor skille seg fra kravene i årets opptak.

Fakta

Sted:
Sogndal
Studietype:
Halvårs- og årsstudium
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
60
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2025:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 25
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 203246

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Juridisk kunnskap er etterspurd både i offentleg og privat sektor. Årsstudium jus kan anten vere starten på ei masterutdanning i rettsvitskap, eller inngå i ei anna utdanning der du ønsker særlege kunnskapar i juridiske emne. Det kan også vere eit nyttig supplement til andre utdanningar.

Kvifor studere jus?

Studiet gir deg ei innføring i juridisk metode og i et utval av juridiske emne. Du får utvikla di evne til å identifisere, sortere og løyse problemstillingar, og god trening i skriftleg framstilling, utgreiing, drøfting og analyse. Dette er ferdigheiter som kjem godt til nytte i dei fleste stillingar. 

I studiet lærer du om:

  • Juridisk metode, som er den framgangsmåten juristar brukar for å løyse rettsspørsmål. Dette er også ein generell metode for sakleg og strukturert argumentasjon, som kan vere nyttig innanfor andre område enn jus.
  • Innhaldet i rettsreglar på område som kontraktsrett, arv- og familierett, erstatningsrett og tings- og immaterialrett.
  • Korleis rettssystemet er bygd opp.
  • Korleis tolke rettsreglar og nytte dei til å løyse rettslege problemstillingar.

Du kan studere bachelor i økonomi og jus ved campus Sogndal - eit aktivt og inkluderande studiemiljø tett på natur, fag og framtidige arbeidsgivarar. Studiet passar for dei som studerer på heiltid i Sogndal og prioriterer studiane høgt.

Studiets oppbygging

Korleis er undervisninga?

Læringsaktivitetane er varierte og består av førelesingar, seminar, gruppearbeid, øvingsoppgåver og munnlege presentasjonar. Teori blir kopla til praksis gjennom arbeid med relevante problemstillingar.

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført årsstudium kan du søke opptak direkte til 2. år på bachelor i økonomi og jus ved HVL.

Om du ønskjer å halde fram med juridiske studiar ved andre studiestader, kan søke om fritak/innpass for eksamenar du allereie har gjennomført ved HVL. Du må undersøke desse mogelegheitene nærare med den gjeldande utdanningsinstitusjonen. Ta kontakt med studierettleiar for meir informasjon.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Med årsstudium jus vil du opparbeide deg ferdigheiter som vil verdsettast nesten uansett kva slags arbeidsoppgåve du får. I tillegg vil dine grunnleggande juridiske kunnskapar vere nyttige for arbeidsgivarar både i offentleg og i privat sektor.

Du vil kunne bruke din juridiske kompetanse til å identifisere rettslege problemstillingar og løyse nokre av dei, og du vil kunne vere eit viktig bindeledd mellom arbeidsgivar og spesialisert juridisk kompetanse der det er nødvendig.

Alle utdanninger innen