Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

20. januar 2024.

Om studiet

Kvifor bli jordmor?

Jordmødrer speler ei avgjerande rolle i omsorgen for gravide kvinner før, under og etter fødselen. Denne utdanninga gir deg høg klinisk kompetanse, og moglegheit til å arbeide med fagutvikling og forsking. Du blir ein viktig fagperson for å gi kvinner og familiar moglegheiter til meistring og kontroll over eigen livssituasjon.

Du studerer jordmorfag ved campus Bergen.

Studiets oppbygging

Praksis

Master i jordmorfag er eit heiltidsstudium ved campus Bergen, med fire praksisperiodar knytt til Førde, Bergen, Stord, Voss og Haugesund.

Studiet er delt opp i 40 veker teori og 40 veker praksis. Du har praksis på ulike avdelingar innanfor svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorga. Delar av praksisen vil også skje ved poliklinikkar, helsestasjon for ungdom og nyfødd-avdelingar. Våre praksisplassar er fordelte i Helse Vest.

Vi har praksisplassar i Bergen og Vestland fylke, og Høgskulen på Vestlandet tildeler praksisplassar til studentane. 

Studentar som skal ha praksis, må levere politiattest.

Korleis er undervisninga?

I studiet får du ei variert og studentaktiv undervisning. Ein del av denne undervisninga er obligatorisk, som til dømes deltaking i refleksjonsgrupper, seminar, ferdigheitstrening og simulering, i tillegg til framlegg av oppgåver.

Du vil delta i seminar, der du legg fram eige arbeid individuelt eller i gruppearbeid, med tilbakemelding frå andre studentar. Dette for at studiet skal vere oppdatert på dei problemstilingane som praksisfeltet er opptatt av, men òg for at du skal utvikle dine analytiske og praktiske ferdigheiter.

Vidare vil du få trening i utvikling av praktiske ferdigheiter både gjennom ferdigheitstrening, simulering og praksis. Praksis har krav om 90 % frammøte og har tilhøyrande obligatoriske læringsaktivitetar.

Emnet «vitskapsteori, forskingsetikk og metode» er nettbasert. Masteroppgåva i jordmorfag skal vere eit sjølvstendig arbeid, der du kan samarbeide og fordjupe deg i eit tema saman med ein medstudent.

Er du allereie jordmor og vil ta master?

Da kan du ta påbygg til master på anten 40 eller 60 studiepoeng. Har du allereie autorisasjon som jordmor treng du ikkje ta heile utdanninga. Kva du må ta, kjem an på kva du har frå før. 

Dersom du har fullført jordmorutdanning etter rammeplan frå 2004-2005 (120 studiepoeng) kan du ta påbygg til master over 1,5 studieår med følgjande emne:

Har du jordmorutdanning frå før 2004/2005 (60 studiepoeng) kan du ta påbygg til master over 2 studieår, og emna:

Dersom du har autorisasjon som jordmor frå før av, skal du ikkje i praksis.

Utveksling

Jordmorutdanninga er med i internasjonale nettverk som gjer at våre studentar kan reise på utveksling til utanlandske institusjonar. Utveksling skjer i andre studieår, og varer frå fire til åtte veker.

Vil du studere meir?

Du blir kvalifisert til å søkje opptak til ph.d.-program, til dømes innan helse, funksjon og deltaking ved HVL.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Med master i jordmorfag kan du jobbe med:

  • Svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg.
  • Kvinne- og reproduktiv helse i eit livsløpsperspektiv.
  • Klinisk fagleiing.
  • Utdanning av jordmødrer og anna helsepersonell.
  • Forskjellige stillingar i kommune- og spesialisthelsetenesta.
  • Kombinerte stillingar innan klinisk arbeid og praksisnært forskings- og utviklingsarbeid.

Som autorisert jordmor kan du jobbe både nasjonalt og internasjonalt på ulike nivå i helsetenesta. I Noreg vil dette i all hovudsak vere delt mellom kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta og ulike private bedrifter. Rådgiving, rettleiing og undervisning utgjer ein viktig del av det å vere jordmor.

Lønn: Kva tener du som jordmor?

I følgje Utdanning.no tener jordmødrer i gjennomsnitt 748 080 kroner. Les meir om lønnsstatistikk for jordmor på utdanning.no.