Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
4. oktober 2023.


Om studiet
Kvifor studere historie?
Innsikt i fortida er avgjerande for å forstå kva som skjer i dag, frå dei store globale spørsmåla til lokalsamfunnet ein tilhøyrar. Ved å studere historie vil du forstå meir om kvifor menneske i fortida tenkte og handla som dei gjorde. Du studerer alle sider av samfunnet – frå politikk, økonomi og teknologi til kultur, idear og sosiale forhold, og du får trening i å skrive fagtekstar. Du får også høve til å skaffe deg verdfull praksis frå arbeidslivet.
Du kan ta bachelor i historie enten som nettstudium eller på campus Sogndal kor du blir ein del av eit aktivt studentmiljø og får tett kontakt med faglærarane.
I studiet lærer du blant anna:
- om globalisering og korleis ulike samfunn har møtt utfordringar som framleis er dagsaktuelle, som konsekvensar av konflikt og migrasjon, teknologisk utvikling og utfordringar knytt til klima- og miljøendringar
- historievitskapleg metode og kjeldekunnskap og blir betre rusta til å avsløre falske nyhende
- korleis du kan bruke og formidle historiefagleg kunnskap gjennom skriving og yrkespraksis
- om eldre og nyare historie, norsk, europeisk og global historie og lokalhistorie
Studiets oppbygging
Praksis
Haustsemesteret i fordjupingsåret kan du ha sju vekers praksis på ein relevant arbeidsplass, der du arbeider med aktuelle historiefaglege oppgåver. Der får du nyttig erfaring frå arbeidslivet og verdfulle kontaktar på arbeidsmarknaden.
Korleis er undervisninga?
Vi har forelesingar, gruppediskusjonar, oppgåveskriving med rettleiing, munnlege presentasjonar, ekskursjonar, arbeidspraksis og øving i formidling til ulike målgrupper.
Historiefaget set store krav til kjeldekritikk, og vi har fokus på logisk tenking, rasjonell argumentasjon, kritisk analyse av tekstar og tydeleg kommunikasjon.
I det valfrie studieåret står du fritt til å velje eit årsstudium, eller setje saman ulike emne frå HVL eller andre utdanningsinstitusjonar innan- eller utanlands. I fordjupingsåret skriv du bacheloroppgåve om eit historisk emne du interesserer deg for.
Møt faglærarane og høyr dei fortelje om kva dette studiet går ut på.
Videre studium etter fullført utdanning
Du er endå betre rusta for arbeidslivet om du tek ein master. Historie bachelor kvalifiserer for opptak på historie master og somme andre masterstudium ved norske og utanlandske universitet og høgskular. Ved ein del masterstudium er det krav om ex.phil. og ex.fac. Dette kan du ta i det valfrie studieåret.
Med master kan du ta praktisk-pedagogisk utdanning og bli lærar.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 3. og/eller 4. semester.
Opptakskrav
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Ved å studere historie får du kompetanse som er stadig meir etterspurd av arbeidsgivarar: å kunne tenke sjølvstendig, forstå endringsprosessar i samfunnet og tileigne seg, analysere, systematisere og formidle store informasjonsmengder.
Du kan mellom anna jobbe med:
- prosjektarbeid, rådgiving, opplæring og saksbehandling i offentleg og privat sektor
- strategi-, analyse- og informasjonsarbeid i næringslivet
- arkiv, museum, media og forlag
- lærar (krev master og PPU)
- kommunikasjon, marknadsføring og nye media
- kultur, underhaldning og reiseliv
- politikk, organisasjonar, internasjonalt arbeid, stiftingar og tenketankar
- sjølvstendig arbeid som konsulent, frilansar eller gründer
Utveksling
Australia | University of the Sunshine Coast (USC) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10315
Australia | James Cook University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10489
Canada | Trent University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10390
Romania | Ovidius University of Constanța (OUC) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10600
USA | Augsburg University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10329
USA | Augustana University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10369
USA | California State University Monterey Bay (CSUMB) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10491
USA | San Diego State University (SDSU) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10462