Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Lavere nivå
Pris:

40000

Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Oppstart: 29. august
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

11. april 2022.

Om studiet

Den overordna målsettinga med studiet er å gi fordjupingskunnskap og praktiske ferdigheiter i parterapi, inspirert av Gottman parterapimetode. Metoden er særs godt eigna i allmenn parterapi, i arbeid med par i foreldrerolla og som tilnærming til par med særlege utfordringar knytt til rus, trauma og sinne.

Studiet er eit deltidsstudium på 30 studiepoeng over fire semester. 

Korleis er undervisninga?

Undervisning blir gitt som 2-3 samlingar på 2-4 dagar per semester, til saman 30 undervisningsdagar.

Undervisninga vekslar mellom forelesningar, arbeid og øving i grupper samt rettleiing av deltakarane sitt arbeid med par. Studiet har avsluttande klinisk eksamen.

Samlingar i 2022/2023

  • 29.–31.8.2022 kl. 9–15
  • 3.–5.10.2022, kl. 9–15
  • 28.–29.11.2022, kl. 9–15
  • 16.–17.1.2023, kl. 9–15
  • 20.–22.3.2023, kl. 9–15
  • 4.–5.5.2023, kl. 9–15

Alle samlingar er på campus på Kronstad i Bergen.

Studiets oppbygging

Sari Lindeman er fagprogramansvarleg i Gottman parterapimetode.

Det blir vist til studieplanen for meir detaljert informasjon om organisering og innhald i studiet.

Opptakskrav

Gjennomført utdanning som psykolog, lege eller relevant grunnutdanning og vidareutdanning i familieterapi, 60 sp, eller tilsvarande og høve til å arbeide med par i arbeidskvardagen sin.

Karrieremuligheter

Målgruppe

Studiet vender seg til alle fagpersonar som arbeider med par i arbeidskvardagen sin i forskjellige tenesteområde, eller som ønsker meir kompetanse i arbeid med par.

Alle utdanninger innen