Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Ynskjer du kunnskap om relasjonelt arbeid med par, familiar og nettverk eller korleis ein jobbar med relasjonelt arbeid i organisasjonar? Då er denne fleksible deltidsutdanninga noko for deg.
Kvifor studere familieterapi og relasjonelt arbeid?
Studiet bidreg til utvikling av relasjonell kompetanse i di eiga yrkesrolle. Du vil få kompetanse om korleis du kan møte menneske i livskriser, som samlivsbrot, sorg, overgrepsproblematikk og vald i nære relasjonar. Du kan også spesialisere deg i konsultasjonsarbeid knytt til samarbeid og konflikthandtering, til dømes på arbeidsplassen eller i skulen.
Korleis er utdanninga bygd opp?
Du har valet mellom to studieretningar:
- familieterapi og nettverksarbeid
- relasjonelt arbeid i organisasjonar
Tek du studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, blir du kvalifisert for terapeutisk arbeid, til dømes som familieterapeut. Tek du studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, blir du kvalifisert for ulike typar relasjons- kommunikasjons- og dialogarbeid. Det kan vere rådgiving, rettleiing, gruppeleiing, arbeid med pårørande, konfliktløysing og samarbeid på ulike nivå.
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du mellom anna lære å:
- gjennomføre og leie relasjonelle samtalar i ulike samanhengar med ein eller fleire deltakarar i rommet
- kritisk analysere og meistre utfordrande samarbeids- og rettleiingsrelasjonar
- anvende og reflektere rundt sentrale systemiske teoriar i møte med forskjellige samarbeidssituasjonar i organisasjonar
- meistre ulike lytte- og samtaleferdigheiter på ein sjølvreflektert og profesjonell måte