Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Vil du auke kompetansen din til å jobbe med relasjonar mellom par, familiar, nettverk eller i organisasjonar?
Kvifor studere familieterapi og relasjonelt arbeid?
Gjennom studiet får du kompetanse om korleis møte menneske i livskriser, som samlivsbrot, sorg, overgrepsproblematikk og vald i nære relasjonar. Du kan også spesialisere deg i konsultasjonsarbeid knytt til samarbeid og konflikthandtering, til dømes på arbeidsplassen eller i skulen.
Du vel mellom to studieretningar:
- Familieterapi og nettverksarbeid
- Relasjonelt arbeid i organisasjonar
Du kan studere familieterapi og relasjonelt arbeid i Bergen.
Kva lærer du?
- samtaletilnærmingar og relasjonelle arbeidsmåtar
- individuelle samtaler, parterapi og samlivsstyrkende tiltak
- foreldrerettleiing og nettverksarbeid
- relasjonelt arbeid i organisasjoner og konflikthåndtering
Fleksibelt studietilbod
Ved HVL har du fridom til å studere slik det passar deg! Du kan ta enkeltemne, vidareutdanning eller master. Du kan også starte med å ta noko, og så byggje vidare seinare.
Opptaksinformasjon
Dette kravet skal du ikkje dokumentere i søknaden din, men du må sende det inn viss du får studieplass.
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Tar du studieretninga familieterapi og nettverksarbeid, blir du kvalifisert for terapeutisk arbeid, til dømes som familieterapeut.
Tar du studieretninga relasjonelt arbeid i organisasjonar, blir du kvalifisert for ulike typar relasjons- kommunikasjons- og dialogarbeid.
Det kan vere rådgiving, rettleiing, gruppeleiing, arbeid med pårørande, konfliktløysing og samarbeid på ulike nivå.
Med fullført mastergrad blir du også kvalifisert for å søke opptak til ph.d.-program.