Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Vil du utvikle teknologi som formar framtida? Som elektroingeniør kan du jobbe med alt frå store generatorar i kraftverk, robotar og kretskort til nettverksteknologiar. I Førde kan du fordjupe deg innan automatisering og robotikk. Du får tilgang til ein moderne og velutstyrt robotikklab og eit forskingsmiljø med spisskompetanse innan feltet.
Kvifor bli elektroingeniør?
Elektroteknolologi gjer at mobilen er på nett, det er straum i huset og at kofferten din automatisk vert transportert til flyet etter at du har sjekka han inn. Elektroteknologi finn du i små detaljar og i store system. Elektroingeniøren har kunnskap om hardware og software og korleis dette fungerer saman.
Du kan også studere til å bli elektroingeniør i Bergen og i Haugesund. Om du vil kombinere studiet med jobb, kan du studere elektroingeniør på deltid som eit nett- og samlingsbasert studium.
Spesialisering innan automatisering og robotikk
Det andre studieåret i Førde startar du på ei spesialisering og fordjuping innan Automatisering og robotikk. Du jobbar med tema som industriell automasjon, regulering, instrumentering, robotikk og systemintegrasjon – og får høve til å bruke robotikklab og fagmiljø aktivt i prosjekt og oppgåver gjennom studiet.
Robotikklab i Førde
På campus Førde får du tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar til undervisning og forsking, og eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø som jobbar tett saman med næringslivet om studentoppgåver og sommarjobbar. Du kan lese meir om vårt forskingsmiljø og vår robotikklab HVL Robotics her: HVL Robotics
Andre campus og studiemodellar:
- Bergen: Automatisering og robotikk, elkraft, cyberfysisk nettverksteknologi, elektronikk.
- Haugesund: automatisering og prosesstyring.
- Førde (deltid): elektroingeniør nett og samlingsbasert automatisering og robotikk, elkraft.
Dekker du ikkje opptakskravet?
Har du relevant fagbrev, men ikkje generell studiekompetanse, kan du ta den yrkesfaglege vegen (y-vegen). Her går du eit tilpassa løp og startar med mattekurs i juni. Les meir om y-vegen.
Har du generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk, kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Les meir om TRES.
Både y-vegen og TRES tar du på tre år, så du mistar ikkje noko tid!
Du kan også ta nett- og samlingsbasert realfagskurs.
Skal du søke på y-veg, TRES eller forkurs må du søke via vår lokale Søknadsweb. Søknaden går ikkje gjennom Samordna opptak.
Studiets oppbygging
Studentjobb i Førde
Gjennom prosjektet studentjobb kan du få relevant deltidsjobb mens du studerar.
Korleis er undervisninga?
Du har forelesingar, rekneøvingar, laboratoriearbeid, gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr, eller simulering på datamaskin. Det er også mogeleg med praksis i arbeidslivet undervegs i utdanninga.
Førelesningane er i hovudsak på campus, men noko av undervisninga vil også vere nettbasert.
Bacheloroppgåva skriv du som regel i grupper med andre studetntar på utdanninga di. Prosjektet vil vere ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.
Har du fagskuleutdanning?
Har du tatt 2- eller 3-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning?
Du kan få fri tak for inntil 60 studiepoeng dersom du har relevant fagskuleutdanning. Fritak søker du om etter at du har fått plass på utdanninga.
Opptakskrav
Ordinært opptak
Opptakskrav er generell studiekompetanse, i tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.
Du søker via samordna opptak, studiekode 203068
Forkurs og realfagskurs
Bestått forkurs eller realfagskurs oppfyller kvalifikasjonskrava.
Du søker via samordna opptak, studiekode 203068
Les meir om våre forkurs og realfagskurs her.
Fagskole
Bestått teknisk fagskole før 2023 oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 oppfyller ikkje kvalifikasjonskrava og må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.
Du søker via samordna opptak, studiekode 203068
Y-vegen
Relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning med læretid i bedrift og fagbrev innan elektrofag,eller relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning innan elektrofag med fagprøve etter 3-årig skule og minst eitt års praksis etter fagprøven. Du søker y-vegen via Søknadsweb
Tresemesterordning
Opptakskrav er generell studiekompetanse,
Du søker tresemesterordning via Søknadsweb
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Ein elektroingeniør har mange moglege arbeidsvegar. Kva spesialisering du vel, avgjer mest sannsynleg kva for del av elektroteknologien du kjem til å jobbe med.
Ei utdanning innan automatisering og robotikk er relevant for jobbar innan industri, energi, maritim sektor og teknologibedrifter som jobbar med automasjon og robotisering.
Som automatiseringsingeniør kan du til dømes arbeide med digitalisering og automatisering innan mekanisk industri, produksjonsindustri, prosessindustri, byggautomatisering, kraftproduksjon, havbruksnæring, helse, konsulentbransjen og mykje meir.
Lønn: Kva tener ein elektroingeniør?
Ein elektroingeniør tener i gjennomsnitt mellom 852 120-867 360 kr i året. Sjå meir om lønn på utdanning.no.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald mot slutten av studietida.
Finland | South-Eastern Finland University of Applied Sciences - XAMK | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10490
New Zealand | Auckland University of Technology (AUT) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=591
Polen | Silesian University of Technology (SUT) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10400
Tyskland | Ingolstadt University of Applied Sciences (THI) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10377
Tyskland | Hamm-Lippstadt University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10478
USA | San Diego State University (SDSU) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10462