Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Master, 2 år
Studieform: Nett- og samlingsbasert, undervisning ved lærestedet, samlingsbasert
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Er du lærar eller jobbar med fag- eller yrkesopplæring og ønskjer å styrke fagkompetansen din med ein master? Som lærar har du eit av dei viktigaste kunnskapsyrka i samfunnet. Det er ein krevjande og givande jobb med mange komplekse utfordringar. 

Kvifor velje master i didaktiske praksisar?

Med master i didaktiske praksisar kan du som lærar styrke din faglege, pedagogiske og didaktiske tryggleik i møte med framtidas skule.

Studiet er tilrettelagt for lærarar og andre som jobbar med fag- eller yrkesopplæring, og som vil studere på deltid. Alle søkarar får tildelt studiestad Bergen, men det kan også vere samlingar på dei andre campusane ved Høgskulen på Vestlandet i løpet av studieprogrammet.

Utdanninga er profesjonsretta og tek utgangspunkt i arbeidsfeltet ditt som lærar og dei gjeldande læreplanane for skulen. Startar du våren 2026, kan du velje ei av desse studieretningane:

  • Samfunnsfag og KRLE
  • Kroppsøving, mat og helse
  • Matematikk og naturfag
  • Yrkesdidaktikk
  • Andrespråksdidaktikk

Her blir praksiskunnskapar og -erfaringar knytt saman med teoretisk kunnskap, noko som gir eit godt grunnlag for forskingsbasert yrkesutøving og profesjonell utvikling.

Opptakskrav

Fullført og bestått lærar- eller yrkesfaglærarutdanning som kvalifiserer for undervisning i grunnopplæring og/eller vidaregåande opplæring. Du må i tillegg oppfylle følgande krav avhengig av studieretning:  

Fordjupingskravet dannar grunnlaget for val av spesialisering i masterstudiet. I søknaden søker du på det 60-poengsfag du vil arbeide vidare med i masterstudiet. 

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Med ein master i didaktiske praksisar kan du kome tilbake til jobben din med auka fagleg kompetanse. Masterstudiet kvalifiserer også til ein forskande praksis og til å initiere og gjennomføre utviklingsarbeid i skulen eller på arbeidsplassen.

Alle utdanninger innen