Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Korleis kan vi forebygge at brannar bryt ut? Korleis kan vi redusere konsekvensane av ein brann? Som branningeniør er du med på å redde liv!
Kvifor bli branningeniør?
HVL har Noregs einaste branningeniørutdanning! Det er stor mangel på branningeniørar, og ved å ta denne utdanninga blir du ettertrakta og sikra ein god jobb.
Kor lang tid det tar å evakuere mange menneske ut frå eit stort bygg? Er det tilstrekkeleg med rømingsvegar? Er bygget designa slik at både menneske og omgjevnader kan sikrast på ein effektiv og god måte?
Branningeniørar er spesialiserte sikkerheitsingeniørar. Kjerneoppgåva for branningeniøren er å planlegge og sette i verk førebyggande tiltak som hindrar og reduserer konsekvensane av brann. Som branningeniør er du med på å skape auka sikkerheit i samfunnet gjennom å kartlegge, analysere og sette i verk viktige brannførebyggande tiltak.
Sentrale tema i branningeniørutdanninga er branndynamikk (det vil seie korleis ein brann oppfører og utviklar seg), risikoanalyser, bygningsteknologi, brannsikkerheit i design av bygg, beredskapsleiing og sløkkesystem.
Du kan studere branningeniør i Haugesund.
Dekker du ikkje opptakskravet?
Viss du har generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk så kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Les meir om TRES.
TRES tar du på tre år, så du mistar ikkje noko tid!
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.
Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Som ferdigutdanna branningeniør kan du jobbe
- i branntekniske firma
- i byggnæringa gjennom ulike rådgjevingsfirma
- i brannvesenet si førebyggande avdeling
- med brannsikring og teknisk sikkerheit i industri- og offshorenæringa
Synne tok branningeniør ved HVL - sjå kva hu jobber med i dag
Lønn: Kva tener ein branningeniør?
Ein branningeniør tener i gjennomsnitt 812 400 kr i året. Sjå meir informasjon på utdanning.no.
Utveksling
Australia | Victoria University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10101
Australia | James Cook University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10489
Tyskland | Otto Von Guericke University of Magdeburg | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10253