Fakta

Sted:
Sogndal
Studietype:
Enkeltemne
Studiepoeng:
10

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Arbeider du med arealplanlegging og har behov for meir kunnskap om klimatilpassing og korleis samfunnsmessige faktorar påverkar klimarisiko?

Kvifor studere berekraftig klimatilpassing i arealplanlegging?

I denne vidareutdanninga kombinerer vi kunnskap om klimatilpassing med praktisk oppgåver knytt til arealplanlegging.

Faktorar som befolkningsvekst, urbanisering, økonomisk utvikling og endringar i naturressursbruk har innverknad på klimaendringar. Ved å få meir kunnskap om dei ulike drivarane og dynamikk bak endringar i arealbruk, vil du betre forstå korleis klimaendringar påverkar desse samfunssmessige faktorane og omvendt. Dette vil vidare gi deg grunnlag for kritisk refleksjon over ulike klimatilpassingsstrategiar. 

Kva lærer du?

Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du mellom anna lære:

  • Å planlegge og gjennomføre analysar og prosessar med mål om å redusere klimarisiko.
  • Å utføre analysar av årsak-verknadskjeder for lokal klimarisiko.
  • Korleis utvikle berekraftige løysingar for klimatilpassing lokalt.
  • Å analysere og drøfte heilskaplege løysingar for lokal klimatilpassing i lys av gjeldande teoriar og forsking.

Les meir i emneplanen om kva du lærer.

 



Opptakskrav

Alle tre krava må vere oppfylte:

  1. Bachelorgrad, eller tilsvarande, i naturvitskap, samfunnsvitskap, teknologi eller ingeniørfag med minimum 80 studiepoeng i:
    - Miljøvitskap
    - Politikk og forvalting
    - Grøn teknologi og omstilling
    - Geovitskap og naturfarar
    eller ein kombinasjon av desse
  2. Samla karakter på grunnutdanninga må vere C eller betre.
  3. To års arbeidserfaring (dokumentert med arbeidsattest)

Søkere med utdanning fra land utenfor Norden må dokumentere engelsk jamfør § 2.1 (4) i forskrift om opptak til HVL.

Om å søke opptak ved HVL

Trykk knappen «Søk studieplass» eller gå inn via søknadsweb. Velg rad for «Videreutdanning og halvårsstudium». Etterpå velger du fra listen «Videreutdanning haust 2024». Velg emnet du vil søke, trykk "legg til" og send søknad. 

Betalingsinformasjon