Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Andrespråkspedagogikk rettar seg mot lærarar i grunnskulen. Fokuset i studiet er på lærararbeid med elevar som ikkje har norsk som morsmål og som har hatt relativ kort skulegang til no i Noreg.
Kvifor studere andrespråkspedagogikk?
Andrespråkspedagogikk gir innsikt i korleis menneske lærer eit nytt språk og kva utfordringar dei kan møte undervegs. Dette gjer det enklare for deg som er lærar å tilpasse undervisninga for å møte individuelle behov.
Kva lærer du og korleis er emna bygd opp?
Her lærer du om tospråklegheit, mellomspråksutvikling og fleirkulturell undervisning. Det vert lagt vekt på lese- og skriveopplæring for minoritetselevar, samt munnleg norsk og sjangrar. Du får innsikt i norsk språk i eit komparativt perspektiv og korleis ein utviklar ordtilfang gjennom fagtekstar. Litteraturundervisning og litterær samtale når norsk er andrespråket inngår også i emna.
Andrespråkspedagogikk består av to emne, kvar av dei på 15 studiepoeng. Les meir om emna og eksamen her:
- Andrespråkspedagogikk 1
- Andrespråkspedagogikk 2 (fordjuping)
Målgruppe
Utdanninga passer for deg som arbeider som lærar i grunnskulen og har lærarutdanning.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.
Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.
Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.