Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Andrespråkspedagogikk rettar seg mot lærarar i grunnskulen. Fokuset i studiet er på lærararbeid med elevar som ikkje har norsk som morsmål og som har hatt relativ kort skulegang til no i Noreg.
Kvifor studere Andrespråkspedagogikk?
Andrespråkspedagogikk gir innsikt i korleis menneske lærer eit nytt språk og kva utfordringar dei kan møte undervegs. Dette gjer det enklare for deg som er lærar å tilpasse undervisninga for å møte individuelle behov.
Korleis er studien bygd opp?
Andrespråkspedagogikk består av to 15-studiepoengsemne:
- Andrespråkspedagogikk 1
- Andrespråkspedagogikk 2 (fordjuping)
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du lære om:
- Tospråklegheit og andrespråkslæring, mellomspråk og mellomspråkutvikling.
- Fleirkulturell undervisning og skule.
- Lese- og skriveopplæring for minoritetselevar, grunnleggande ferdigheiter.
- Norsk språk i komparativt perspektiv.
- Arbeid med munnleg norsk og munnlege sjangrar når norsk er andrespråket.
- Utvikling av ordtilfang og lesing av fagtekstar.
- Litteraturundervisning og litterær samtale når norsk er andrespråket.
Målgruppe
Utdanninga passer for deg som arbeider som lærar i grunnskulen og har lærarutdanning.
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.
Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.
Om du søker dispensasjon frå opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.
Studietypenummer: 9536