Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Studietempo
DeltidOppstartsdato
13. septemberOm studiet
Aktiv omsorg skal bidra til å fremje meistring, kvardagsrehabilitering, positive opplevingar, sosial deltaking, og helse. Studiet legg vekt på kunnskap om bevegelse, naturopplevingar og deltaking.
Lurer du på noko om utdanninga? Delta på digitalt informasjonsmøte 22. mars kl.09.00.
Føremålet med utdanninga er å imøtekomme behovet for auka kompetanse om folkehelse, bevegelse, naturoppleving og deltaking for å styrke helse, sosial fungering og livsmeistring.
Studiet passar for ulike yrkesgrupper i offentleg og privat sektor t.d. tilsette innan helse- og sosialomsorga, lærarar (barnehage/grunnskule) og spesialisthelsetenesta.
Du lærer om:
- bevegelse og naturopplevingar som reiskap i eiga yrkesutøving
- faglege problemstillingar med utgangspunkt i kva eit aktivt liv har å seie for å fremme livskvalitet og helse
- relasjonskompetanse, nettverk og tverrprofesjonelt samarbeid
- teoriar og ulike faglege tilnærmingar innan bevegelse og naturopplevingar, og arbeide sjølvstendig med å planleggje og setje i verk tiltak/prosjekt som legg til rette for aktiv deltaking
- å kunne anvende ulike typar kunnskap for å treffe grunngjevne val for tiltak
Studiets oppbygging
Organisering
Aktiv omsorg; bevegelse, naturopplevingar og deltaking er ei vidareutdanning på 30 studiepoeng. Den er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng:
Emna MT500 og MT501 kan og inngå som emne i fleire masterutdanningar. Les om korleis du kan søke om innpass.
Kvart emne har tre samlingar à fire dagar ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal.
Samlingar
Hausten 2022 vert det samlingar for emnet MT500 tysdag–fredag i veke 37, 40 og 44 (med atterhald om at det kan bli behov for endringar).
Korleis er undervisninga?
Undervisninga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, digitale undervisnings- og læringsformer, aktivitetar, arbeid i grupper og seminar med rettleiing. I tillegg skal du gjere arbeidsoppgåver mellom samlingane. Canvas vert nytta som elektronisk læringssystem.
Vil du studere meir?
Dei to emna i vidareutdanninga kan saman, eller kvar for seg gå inn som valfrie emne/studiepoeng i mastergradsstudia:
Opptakskrav
Treårig høgare utdanning innan helse-, sosial- eller idrettsfag eller lærarutdanning. Søkjarar med anna relevant fagsamansetjing kan etter vurdering bli tatt opp.