Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

25. april 2024.

Om studiet

Sentralt i studiet står arbeid med todimensjonale visuelle uttrykk, og digitale verkty. Det vert lagt vekt på visuell grammatikk og kommunikasjon. Kunnskap om form, farge, komposisjon og teikn er ein viktig del av undervisninga. Du skal utvikle grunnleggjande forståing for visuell grammatikk og kommunikasjon, og korleis ein nyttar dette i eige skapande arbeid. Visuell kommunikasjon er eit obligatorisk emne i studieprogrammet Bachelor i design, kunst og handverk.

Undervisningsopplegg

Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga vert organisert individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt. Studentar får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studentar som er borte frå undervisninga har sjølve ansvar for å orientere seg om det som gjekk føre seg i deira fråvær. Anna som vedkjem gjennomføringa av emnet: Det vert forventa at studenten har elementær datakunnskap. Studenten må ha ei datamaskin som fint kan handtere programvare frå Creative Cloud. Enkelte førelesingar kan bli gjennomført på engelsk.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 3445

Anbefalt forhåndskunnskap

Alle utdanninger innen