Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2022:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 10
Søknadskode (SO): 223891

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

13. januar 2023.

Om studiet

Studieprogrammet gjev deg kunnskap om språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og kunnskap om språk og kultur frå notid og fortid. Du blir kvalifisert for jobbar der det er bruk for språk- og tekstkompetanse, både i offentleg og privat sektor som til dømes kommunikasjons- og informasjonsarbeid, arbeid i forlag, bibliotek og arkiv. Om du ønskjer å bli lærar og undervise i skuleverket, må du bygge på med ei mastergrad for å få opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), som gir undervisningskompetanse. Høgskulen i Volda tilbyr mellom anna Master i skriftkulturar.

Som bachelorstudent i språk og litteratur kan du velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og du har høve til å fordjupe deg i språklege eller litterære tema. Du skal opparbeide kompetanse i bruk av sentrale metodar i språk- og litteraturforsking for å kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte.

Undervisningsopplegg

Undervisninga i studiet varierer mellom førelesingar, seminar og nettbasert undervisning. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Søk frå 1. februar. Søknadskode: 223 891

Anbefalt forhåndskunnskap

Generell studiekompetanse.

Utveksling

Frå og med tredje semesteret kan du ta 30 studiepoeng ved ein godkjend lærestad i utlandet. Dersom du ønskjer å spesialisere deg i engelsk språk eller litteratur, er Det norske studiesenteret ved Universitetet i York ein aktuell studiestad. Vi rår også mellom anna til studieopphald ved våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Estland, Frankrike og USA.