Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Studiet har relevans for ulike yrkesvegar, mellom anna innanfor skuleverket, media, forlag og kulturformidlingsinstitusjonar.Studentane kan velje fordjuping i anten norsk eller engelsk, og saman med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) gir fullført studium lektorkompetanse i faget norsk eller faget engelsk i skulen.Mastergraden kvalifiserer også for opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Utveksling
Det er ikkje lagt opp til praksis i studiet. Derimot vil det bli lagt til rette for utanlandsopphald i vårsemesteret ved ein av våre samarbeidsinstitusjonar i utlandet, til dømes ved Åbo Akademi University i Finland, University of Limerick i Irland, University of Aberystwyth i Wales eller University of Waikato på New Zealand. Emne frå desse universiteta kan då erstatte eitt eller fleire av våre eigne valemne som går i vårsemesteret. Det kan òg vere aktuelt å ha opphald i utlandet medan ein skriv på sjølve masteroppgåva. Utanlandsopphald er likevel berre eit tilbod, ikkje eit krav.