Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
6. februar 2023.


Om studiet
Årsstudium i samfunnsvitskap skal gi studentane eit fagleg godt og allsidig grunnlag for forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga. Søkjelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling og planlegging i ein lokal og regional kontekst. Studiet har fokus på samfunnsutvikling og planlegging lokalt og regionalt. Studentane får praktisk erfaring med dette gjennom lokalsamfunnsanalyse, som er eit større tverrfagleg prosjektarbeid. Her vil du vere med på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn.
Undervisningsopplegg
Undervisninga i studiet varierer mellom førelesingar og praktiske øvingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. I tillegg vil du få praktisk kjennskap til forskjellige tema gjennom ekskursjonar og studieturar. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Opptaksinformasjon
Søknadstype: Samordna opptak. Søknadskode: 223 285