Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Høyere nivå
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studiepoeng:
30
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Rettleiing for praksislærarar er ei profesjonsretta utdanning på masternivå for barnehagelærarar som er, eller ynskjer å bli, praksislærarar i barnehagen. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis.I følgje nasjonale retningsliner for barnehagelærarutdanning må alle som skal vere praksislærarar ha minimum 30 studiepoeng rettleiarutdanning.Korleis søkje støtte til vidareutdanning for lærarar:Gjennom UDIR si ordning Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan du som jobbar i skulen og tar vidareutdanning også søkje økonomisk støtte.Nytt for studieåret 2025/2026 er at du må sende to søknadar:Èin søknad til Høgskulen i Volda på emnet du ynskje å studere – søkjeperiode 1. februar til 15. april.Èin søknad til Utdanningsdirektoratet om vikar- og stipendordning – søkjeperiode 1. februar til 1. mars. (NB. Lenkje til søkjeportalane vert opna 1. februar)Det er også mogleg å søkje vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda utan vikar og stipendstøtte frå UDIR.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er organisert med tre fysiske samlingar, kvar på to dagar, per semester i tillegg til nettbasert undervisning tilsvarande ei samling.I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet gjer nytte av dei ressursane som ligg i studentane sine yrkeserfaringar og kunnskapar, og som er viktige for å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som drøftar faglege tema og rettleiar kvarandre mellom samlingane. Studentane skal også gjennomføre rettleiing i eigen barnehage. Her inngår skriftlege rapporteringar frå rettleiinga som ein viktig læringsstrategi.Det er obligatorisk frammøte til samlingane og den nettbaserte undervisninga. I løpet av studiet skal studentane gjennomføre og få godkjent fem arbeidskrav.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Stengt for søking Lokalt Høst. Søknadskode: 4394

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning (barnehagelærar eller liknande) og vere i arbeid i barnehage.Studentar som får vikar eller stipendstøtte frå UDIR har prioritet ved opptak.

Alle utdanninger innen