Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Studiet gir deg kjennskap til sentrale teoriar, omgrep og debattar i regional planlegging og utvikling, og viser korleis desse bidreg til forståing og utforming av systematiske planleggingsprosessar med vekt på brei deltaking, dialog, refleksjon og læring.
Vidareutdanninga på masternivå er retta mot planleggarar, leiarar og andre tilsette med ansvar for samfunnsplanlegging og regional utvikling i kommunar, fylke og stat, og tilsette i privat og frivillig sektor som har mykje kontakt med offentleg sektor om plan- og utviklingsarbeid. Studiet er også eigna for studentar som ønskjer å kvalifisere seg til slike stillingar.
Studiet vektlegg omgrepa instrumentell og kommunikativ rasjonalitet, og viser korleis desse påverkar mellom anna synet på makt, læring, planlegging, innovasjon og utvikling. Studiet viser kvifor desse rasjonalitetsformene må kombinerast for å møte moderne samfunn sine utfordringar. Studentane opparbeider ferdigheiter til å analysere og forstå utviklingstrekka og utfordringane i regionale samfunn, og kritisk kunne vurdere ulike verktøy for samfunnsendring.