Fakta

Lærested:
Sted:
hivolda.no
Studietype:
Høyere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

24. april 2024.

Om studiet

Studiet skal gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse utviklingsoppgåver i ulike samanhengar. Studentane skal få eit fagleg grunnlag for kritisk å kunne vurdere ulike medverknadsmetodar i plan- og utviklingsprosessar.

Studiet gir studentane kompetanse i prosessleiing og i å designe plan- og utviklingsprosjekt med stor grad av deltaking og medverking i organisasjonar og samfunn. Studiet gir kunnskap om kommunikativ rasjonalitet og plasserer kommunikative metodar i ein teoretisk og filosofisk samanheng. Det vil bli lagt vekt på å trene studentane i ferdigheita til å stimulere dialog og refleksjon i grupper og i å bruke kommunikative metodar. Studentane får eit fagleg grunnlag for kritisk å kunne vurdere ulike medverknadsmetodar i plan- og utviklingsprosessar. Oppøving av evne til kritisk refleksjon over eiga og andre si rolle i gruppeprosessar er ein viktig del av studiet. Les mer om emnet her.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er lagd opp med ein kombinasjon av førelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar og planproblem. Studentane får tilgang til eit eige rom i Canvas der ein kan finne detaljert program, førelesingar m.m., og der ein kan levere heimeoppgåver, for å få kommentar, kommunisere med medstudentar og lærarar m.m.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Søk 1. november. Søknadskode: 4358

Anbefalt forhåndskunnskap

180 stp høgare utdanning

Alle utdanninger innen