Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
25. april 2024.
Om studiet
Vidareutdanninga er tilrettelagt for lærarar utan erfaring i programmering. Målet er å gi kompetanse i programmering og didaktikk for bruk i ulike fag frå 8.-13. trinn. Ein viktig del av studiet er tekstbasert programmeringsspråk og koding med ulike fysiske objekt relevant for eigen praksis. Likevel vil vi i studiet også introdusere andre tilnærmingar for programmering, som kan gjere undervisninga meir variert og motiverande. Vi diskuterer også programmering i eit samfunnsperspektiv og gjer etiske vurderingar. Utprøving i faget blir integrert i eigen praksis og progresjon kan tilpassast skulen sin årsplan. Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR).