Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Årsstudium
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
60

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

2. februar 2024.

Om studiet

Studiet i norsk (nordisk) er retta mot deg som treng gode basiskunnskapar i språk og litteratur. Utdanninga høver godt i kombinasjon med anna utdanning og yrkeserfaring.

Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap: Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk. Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid, og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn. Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar. Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre uliker periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng. Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Ein rår til at studentane tek desse emna først. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er nettbasert og består av digitale arbeidspakker med leksjonar, videoførelesingar og oppgåver, som studentane får tilgang til i e-læringssystemet Canvas. Gjennom oppgåveinnlevering med individuell rettleiing får studentane skrivetrening og øving i analyse av språk og tekst.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 3925

Anbefalt forhåndskunnskap

Alle utdanninger innen