Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Nettstudiet i norsk (nordisk) er retta mot deg som treng gode basiskunnskapar i språk og litteratur. Utdanninga høver godt i kombinasjon med anna utdanning og yrkeserfaring.
Kva lærer du?
Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap:
- Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.
- Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid, og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.
- Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.
- Tekst og kultur gir innføring i den litterære produksjonen i tre uliker periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.
Dei to haustemna gir grunnleggande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Det er tilrådd at studentane tek desse emna først. I vårsemesteret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv.
Vil du studere vidare?
Om du ønskjer å studere vidare innanfor fagfeltet, vil du få godskrive årsstudiet i Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.
Du vil også kunne få opptak til norsk fordjupingsstudium.