Fakta
Studieform:
Undervisning ved lærestedet
Studietempo:
Deltid
Studiepoeng:
30
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
Om studiet
Matematikkfaget har i dag høg politisk prioritet. Lærarar som tek vidareutdanning i matematikk er difor etterspurde i skulen. Ved Høgskulen i Volda kan du utvide kompetansen din i dette faget ved å ta deltidsstudium som er spesielt tilrettelagde for yrkesaktive. Studiet har ein kombinasjon av nettundervisning og samlingar.Det er studieavgift på kr 10 000 (kr 5 000 pr. emne), i tillegg til semesteravgift., full_html
Gjennom studiet får du eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i matematikk for elevar på 5.-10. årssteg. Du skal få kompetanse til å undervise matematikk i dagens skule, samstundes som du skal kunne vere med å utvikle og forme matematikkfaget i framtida. Faglege tema i studiet er mellom anna tallære, algebra, statistikk, sannsyn, kombinatorikk, geometri, måling og funksjonslære. Didaktiske tema er mellom anna læringsteoriar i matematikk, arbeidsmåtar og metodar i klasserommet, matematikkvanskar, vurdering og bruk av IKT i matematikk som Geogebra og rekneark. , full_html
Undervisningsopplegg
Studiet er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Undervisninga vil i hovudsak vere nettleksjonar (i læringsportalen Canvas) som studentane arbeider med asynkront. I tillegg blir det gitt tilbod om frivillige nettmøte som gir mulegheit til sanntidskommunikasjon m.a. med diskusjon og gjennomgang av oppgåver.For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav knytte til emna vere oppfylte. Både didaktiske og matematikkfaglege arbeidskrav inngår. Emnet i haustsemesteret har skriftleg eksamen, i vårsemesteret munnleg eksamen. Eksamen blir gjennomført i Volda., basic_html
Opptaksinformasjon
Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 4056
Anbefalt forhåndskunnskap
Fullført lærarutdanning (allmennlærar, førskulelærar, faglærar eller PPU) , basic_html