Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
I dette nettstudiet får du ei grunnleggande innføring i norsk og internasjonal historie frå antikken og fram mot vår tid. I tillegg får du kunnskapar om vitenskapsteori og metodebruk.
Studiet skal gi studentane kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida.
Vidareutdanninga er relevant innanfor mange ulike område. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar og kulturarbeidarar ved til dømes arkiv, bibliotek og museum hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen innanfor ei godkjent lærarutdanning.
Årsstudiet tilsvarer første året i Bachelor i historie ved Høgskulen i Volda og kan etter søknad godskrivast bachelorgraden. Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.
Historiestudiet er sett saman av fire emne (15 stp.), tre obligatoriske og eitt valfritt. Studentar som vel eit fordjupingsemne som siste emne i årsstudiet, skal ha fullført minst to av grunnemna før oppstart. Tidspunkt for oppstart av emne vil gå fram av studieplanen. Dei valfrie emna vert tilbodne i anten vår- eller haustsemesteret.
Obligatoriske emne, kvart på 15 studiepoeng:
- Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
- Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
- Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000
Valbare emne, kvart på 15 studiepoeng:
- Globalhistorie. Europa, Vesten og verden (vår)
- Lokal-, familie- og mikrohistorie (vår)
- Kystkultur og kystsamfunn (haust)
- Spania - identitet, nasjon, region (haust)